Reindrift på Valdresflye – eit fjelleventyr med stolte tradisjonar
Takk til Byggtorget Fosheim Sag Meny Søndersrød, Helgeroa og SPAR Beitostølen for annonsestøtte.
På Valdresflye i september kan du oppleve noko heilt spesielt: fleire tusen reinsdyr som drivast samla inn til haustslakting. Frå 17. til 19. september skal om lag 2500 dyr sorterast og handterast – ei hending som både er arbeid, tradisjon og kulturarv i eitt.
Biletet over: Jørn og Geir Egil Slettom er erfarne reingjetare fra Lom, som kan håndtere reinsdyr.
Gjer reinsamlinga til ei oppleving
Reinsamlinga er ikkje berre for fjellfolket. Som besøkande kan du oppleve eit ekte naturteater, der menneske og dyr spelar saman på fjellviddene.
-
Kiosken på Valdresflye held ope kvar dag – perfekt for kaffe, svele eller noko godt i magen. Sjå meir her
-
🚤 Gjendebåten går framleis mellom Gjendesheim og Memurubu – kombiner reinskuet med båttur i eventyrlege omgjevnader. Rutene finn du her
Dyra som går til slakt blir solgt som «Rein Frå Jotunheimen», som er eit samarbeidet mellom tamreinlaga i Filefjell, Vågå, Lom og Fram. Merket har Beskytta geografisk nemning, og garanterer at kjøttet, skinnet og heile dyret kjem frå fjellområda i Jotunheimen og Filefjell – med lokal forankring, kvalitet og dyrevelferd i fokus.
Overgjeter Jørn Slettom smiler breitt når han fortel til Langsveien.no:
– Vi er med flokken året rundt. Vinterstid samlar vi og flokken for sortering og slakt, sam fleire gongar i veka på ettervinteren, så dyra kjenner oss godt. Denne haustsamlinga er liksom finalen etter eit heilt år med gjeting.
Allereie onsdag 17. september startar innsamlinga for alvor, og då kan du oppleve den spektakulære kryssinga av Fv. 51 på ettermiddagen. Dei offisielle slaktedagane er 18. og 19. september, men mykje skjer altså i forkant.
Fjellfolket som held tradisjonane i hevd
Å vere med på reinsamlinga er òg å møte dei solide fjellfolka i Jotunheimen og Gudbrandsdalen – kvinner og menn som held liv i ei kulturarv som går heilt tilbake til istida.
I lag som Vågå Tamrein A/S er arbeidet meir enn berre næring – det er livsstil. Her jobbar erfarne gjetarar og familiane deira med å forvalte fjellet på ein berekraftig måte, slik at reinen kan trivast og folk kan få kortreist kvalitetsmat.
Ein nøkkelperson i dette arbeidet er overgjetar Jørn Slettom, som planlegg og koordinerer drivingsarbeidet mot Valdresflye. Hans erfaring og leiarskap sikrar både effektivitet og dyrevelferd under den store samlinga.
Mange av desse fjellfolka har drive med reindrift i generasjonar. Dei kombinerer tradisjonell kunnskap med moderne metodar, og legg stor vekt på å vere nok folk til stades under sorteringa. Dermed blir både arbeidsmiljøet godt, gjennomføringa trygg – og ikkje minst: reinen behandla på best mogleg måte.
Eit miljøvennleg trekk er at gjetarane har så mykje kompetanse i terrenget at behovet for helikopter blir minimalt. Det gjer både drifta meir berekraftig og opplevinga endå meir ekte.
Kva skjer med kjøtt og skinn?
Kjøttet frå reinsdyra blir vidareforedla ved Stensaas Reinsdyrslakteri på Røros, medan skinn vert sendt til Granberg Garveri A/S i Rogaland – Norges største garveri for sau- og reinsdyrskinn.
Naturen som gjer smaken unik
Reinen følgjer dei gamle trekkrutene og beitar på lav, lyng og fjellblomar. Desse unike forholda gir kjøttet ein karakteristisk smak – reint, sunt og kortreist. Det er fjellheimen sjølv som set smaken på maten.
Kort sagt: Reinsamlinga på Valdresflye er eit møte med stolte fjellfolk, eit innblikk i kulturarv frå istida – og ei oppleving du ikkje vil gløyme.

