På Valdresflye er reinsdyrflokken nå samla og klar for sortering og slakt.
Biletet over: Fjell, folk og flokk – Jørn Slettom og hjelparane står klare til å ta fatt på det tradisjonsrike arbeidet med reinsdyra på Valdresflye.
I videointervjuet møter vi overgjetar Jørn Slettom i Vågå Tamrein A/S, som fortel om arbeidet i fjellet den siste veka og korleis kjøtet blir teke vidare. For dei som ønskjer det, er det mogleg å kjøpe heile skrotter direkte frå slakteplassen. Og under merkevara «Rein frå Jotunheimen» finn du reinsdyrkjøtet i daglegvarebutikkar.
Ein tur i Jotunheimen eller over Besseggen sit lenge i kroppen – men vil du verkeleg kjenne smaken av fjellet, så prøv ein reinsdyrmiddag frå Rein frå Jotunheimen. Kjøtet kjem frå dei same fjella der du skapte dine beste sommarminne.

