Etter ti år bak grytene har no Sara Siwarmalka opne dørene til splitter nye lokale for Sara’s Mat – midt i Ryfoss sentrum, like ved E16. Det skjedde under stor festivitas laurdag 27. september.
– Det kjennest heilt utruleg. Tenk at den vesle kafeen vi starta i 2015 no har blitt noko så stort, seier ho til Langsveien.no medan ho serverar.
Sara og familien kom til Vang frå Etiopia og Sudan i 2009, og har sidan skapt ein møteplass som folk frå heile Valdres – samt andre veifarandes som m.a. Dronning Sonja – har fått sansen for.
Dei nye lokala ligg i den tidlegare daglegvare-butikken vegg i vegg med der Sara hadde kafeen tidlegare, og som familien sjølv har pussa opp frå golv til tak.
– No får vi betre plass og kan tilby både kafédrift, møteverksemd og små selskap, og vi håpar at folk vil bruke staden, kose seg og kjenne seg heime her. Det betyr alt for oss, seier ho med eit varmt smil.








