Fjellfolket får større parkeringsplass langs vegen– takka vere hardt arbeid og tunge lass i høgfjellet. Det skjer både øst og vest for fylkesgrensa på fv. 52 mellom Tyin og Årdal. To av dei som sørger for det er lastebilsjåfør Øystein Rudi (til venstre) og formann på prosjektet Håkon André Onstad Evensen på biletet over.
TYIN (Langsvegen.no): Gravemaskinar, lastebilar og knuseverk går for fullt ved bergnabben, der vegen svingar seg nordover mot Eidsbugarden oppe ved Tyinvatnet. Her blir fjellet bokstaveleg talt flytta på for å gi plass til ein ny og større parkeringsplass for både beltebilpassasjerar, Vinjerock-publikum og andre fjellfolk – sommar som vinter.
Leverer til nytt vegprosjekt
I vestenden av Tyinvatnet, på Årdal-sida av fylkesgrensa mot Innlandet, er Mesta i gang med eit større prosjekt langs fv. 53. Her skal vegskuldrene utvidast, og det skal lagast lommer for parkering på ca. 4 km. vegstrekning – nokre stader på begge sider av vegen, andre berre på éi side. Beitostølen Maskin og Transport AS har fått oppdraget med å levere masser til prosjektet. På Tyin sprenger dei fjell og knuser massane til ulike dimensjonar, samt at dei fraktar massene til veianlegget som strekker seg over 4 km.
Frå knuseanlegget skal det hentast ut om lag 800 lastebillass, som blir køyrde bort til anlegget i vestenden av Tyinvatnet.
– Det går unna! Vi leverer både sprengstein, pukk, bærelag og grus etter kvart som anlegget treng det, fortel Øystein Rudi i Beitostølen Maskin og Transport A/S.

Tungtransport og fullt trøk
Saman med formann på prosjektet for Beitostølen Maskin og Transport A/S. Håkon André Onstad Evensen (til høgre på biletet over) sørgjer han for jamn trafikk med tunge doningar langs Tyinvatnet.
– Vi køyrer heile dagen, så stoppet ved dieselpumpa på Joker-butikken i Tyinkrysset har blitt ein fast rutine. Pumpa stoppar gjerne på nokre tusenlappar – kvar dag, smiler Øystein.
Håkon André Onstad Evensen fortel at arbeidet vil halde fram ut mot midten av desember, og at det totalt skal leverast 7–8000 kubikkmeter masse, som blir frakta på fylkesvegen langs vatnet – 1100 meter over havet.
– Det er høg aktivitet no, og vi reknar med å halde det gåande heilt til jul. Dette er eit godt samarbeid mellom dei som jobbar i prosjektet på begge sider av fylkesgrensa, og det er kjekt å sjå at alt går på skinner, seier han.
Knut Strand (til venstre på biletet over) i Strand Service A/S i Øye køyrer òg lass til veganlegget, men følgjer samstundes opp kundar både på Filefjell og fleire andre stader i Vang kommune.
– Vi ynskjer at området rundt Tyin, når arbeidet er ferdig, skal stå betre rusta for både turistar, hyttefolk og lokale fjellfolk – med betre vegløysingar og fleire trygge parkeringsplassar, både sommar og vinter, avsluttar han vegpraten ved drivstoffpumpene i Tyinkrysset.
#Anlegg
#Årdal
#BeitostølenMaskinogTransportAS
#Bergrabb
#Entreprenør
#Fjellarbeid
#FotoRoyMyrland
#Fv51
#LangsvegenNo
#LangsveienNo
#Massetransport
#MESTA
#Parkeringsplass
#RoyMyrland
#Tyin
#Tyinvatnet
#Valdres
#Vang
#Vegutviding
#Vinjerock

