Markerer 20 år med vitsebok og bøker om dialekt og tømmer

Markerer 20 år med vitsebok og bøker om dialekt og tømmer

Kvitvella Forlag er 20 år i år og markerer jubileet med tre bokgivingar.

Markerer 20 år med vitsebok og bøker om dialekt og tømmer
Markerer 20 år med vitsebok og bøker om dialekt og tømmer

I haust kastar forlaget seg mellom anna på humorsjangeren og lanserer boka Kva er vitsen? av Ingar Ranheim. 28. oktober er det bokslepp på Valdres Folkemuseum. Ingar Ranheim gjekk ut av tida i 2024, men dei som kjende han, kan høyre stemma hans og kjenne att den lune humoren i boka. Dei som ikkje kjende han, kan òg kjenne att den turre humoren som ofte pregar ein god bygdevits.

Saman med dottera Ragnild arbeidde Ingar Ranheim med boka dei siste åra han levde. 151 vitsar vart det til slutt – «mine vitsar», som han kallar dei i forordet. Dei fleste vitsane hadde Ranheim frå andre, men for han var det eit poeng å gi vitsane og historiene eit vidare liv. Med denne vesle boka vil også Kvitvella Forlag vera med på å gi vitsane vidare til nye målgrupper.

Ingar Ranheim vaks opp i eit tradisjonelt bygdesamfunn i Ranheimsbygde, og han var aktiv i folkemusikkmiljøet, han var journalist, konservator og direktør for Valdres Folkemuseum, forfattar, danseinstruktør og førelesar i folkemusikk og folkedans. Mange av vitsane er henta frå dei miljøa der han vandra, og nokre av historiene er knytte til namngitte personar. Med korte rammeforteljingar fortel han oss det me treng å vita, for å forstå vitsen.

Boka har artige illustrasjonar av ein lokal kunstnar med humoristisk strek: Audun Myrvold.
Nord-Aurdal Mållag arrangerer boklanseringa saman med Valdresmusea og Vårflaumen spel- og dansarlag, to miljø der Ingar Ranheim var ein sentral person i svært mange år. Bjørn Strand kåserer om vennen Ingar, Ragnild Ranheim Lome les frå boka og fortel om samarbeidet med faren, og det blir dans og musikk ved ungdommar frå Vårflaumen og Valdres folkemusikklag. Alle er velkomne til denne kvelden, og tilhøyrarar kan kanskje få sjansen til å koma med ein og annan vits sjølv.
Dette er den tredje boka frå Kvitvella Forlag i år. I juni kom boka Brøtningsdammane i Drammensvassdraget av Torodd Lybeck, og 23. oktober kjem På halling, som blir lansert i Ål i Hallingdal. Den sistnemnde boka er ein hallingversjon av Dialekt av hjartans lyst. Ei bok om valdresmålet, som kom i 2023.

 

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

one × 1 =