Det var både latter, lått og litt tårer då Utgard fleirbrukshus i Lom vart fylt til randa fredag kveld. Eitt år og éin dag etter at den vidaregåande skulen i Lom vart bestemt nedlagd, kunne bygdefolket i Ottadalen samlast til musikalsk fest – og visa at fellesskap framleis fungerer, og er den sterkaste krafta i dalen! Det var som eit lite eventyr – og litt av eit comeback – då Utgard fleirbrukshus i Lom fredag 24. oktober vart fylt til randa av musikk, latter, kaffi, kake og ekte bygdestemning. For nøyaktig eitt år og éin dag etter at den vidaregåande skulen i Lom fekk «dødsstøtet» av MDG, Ap og Høgre i Innlandet fylkesting, slo bygdefolket tilbake med det som best kan skildrast som ein musikalsk maktdemonstrasjon i fellesskapets ånd: ei klassefest av dei sjeldne! Det har vore fleire idesprinterar og framovelente folk som har laga til denne kvelden.   Lom Lyd A/S, Monica Holm Kolden, Venneforeininga for vidaregåande skule i Lom – og elles alt som kan krypa og gå av triveleg Ottadalsfolk med engasjement i blodet har dei siste to månadene. Målet: å samle inn pengar og støtta Jotunheimen privatistskule, som har reist seg som har blitt ei føredøme på distiktas motstandskamp mot nedlegging i norsk utdanningshistorie. Musikalsk stjernelag på bygda Kvelden baud på eit program som kunne gjort sjølvaste Rockefeller misunneleg. Rundt 250 publikummarar fylte storstova i Utgard, og alle artistane stilte opp heilt gratis. Billettprisen? Tja, den bestemte du sjølv – det var frivillig betaling på Vipps, akkurat som i den gode gamle bygdeånda der alle gir det dei kan. – Det beste er at alle sa ja med ein gong! fortel ei tydeleg rørt Monica Holm Kolden etter konserten. – Og at vi fekk med Aune Sand igjen! Han har engasjert seg heilt frå starten i  demonstarasjonen på Hamar og bidrog i kveld med kunst til utloddinga. Og for ei loddbok det vart! Lokalt næringsliv frå heile Ottadalen hadde bidrege og kunstnarbidrag frå Aune og Vegard Sand samt Marianne Auli sørgde for at kvelden gav eit solid overskot på over 60.000 kroner – alt til drift av Jotunheimen privatistskule. Tidlegare ordførar i Skjåk Elias Sperstad leia showet med stø hand, medan Sondre Bøye frå TAFI (Tverrfagleg arbeidsgruppe for framtidsskulen i Innlandet) takka for initiativet, og minna alle på kor viktig samold og det å løfte samen framleis gjeld for  Lom og regionen. Musikken som rørte både jotnar og troll. Programmet opna med Lom og Skjåk Brass, som bokstaveleg talt blåste liv i kvelden. Etter dei entra Jon Olav Kolden og Arnt Joar Bråten scena, sistnemnde med ei tolking av Willie Nelsons «Okie from Muskogee» som sat som eit smell i Ottadalen. Så var det tid for Even Offerdal Bakken, toradervirtuosen som kan få sjølv den mest rytmelause til å trø takten. Deretter kom organist Rasim Ramazanor med fingrar som flaut som fjellbekkar over tangentane – både klassisk og jazz i skjønn forening. Han var ei oppleving å høyre, og gjerne ja takk, om det blir "Jazz i Lom" med Rasim på tangentane. Og jammen stilte Lom Juniorspellmannslag også – ungdommen leverte ein springar så det lukta både svidd fele og framtidstru. Den heilt unike sangerinna Ruth Olina Lødemel frå Gausdal løfta taket med si klokkeklare stemme, og gåsehuda breidde seg i salen som rim på myrgras. Espen Barlund Nicolaisen viste at trekkspel slett ikkje berre er for gamle karar med snus og sigen bukse– med over 400 trekkspel i familien veit han kva han driv med! Så kom "Sølvstrupene", fire lett gråsprengde karar frå «Lomsk»-miljøet, som drog på med sceneshow og klassikarar frå 70- og 80-talet. Då dei sette i gong «Gryta hennar mor», var allsangen eit faktum – og det har neppe vore sunge med så innleving aust for Bergen før. Og som om ikkje det var nok: Bandet Eldhaug frå Skjåk avslutta første del med heavyrock på nynorsk, så både troll og jotnar dansa i Lomseggen. Tribuna dirra, øyrevoksen losna, men smilet sat fast resten av kvelden etter den herlege rockeseansa, som nok medførte eit lite kultursjokk for nokon av tilhøyrerane. Kaffi, kake og kultursjokk del 2 Etter pause med sjølvbetening av kaffi og dei frivillige sine herlege kaker (betaling på Vipps, sjølvsagt), var det Erik Grøna som sparka i gong andre omgang – lett på fingrane og tung på talent. Deretter følgde ei «Jularbo»-hending i 3/4-takt, med tre dragspelarar som spelte så valsen svevde over borda. Jon Olav Kolden kom tilbake solo – nærvær, ekte og varmt i kvar tone. Så var det klart for kveldens høgdepunkt: Frikk Gjeilo, lomvær og visesongar av rang. Med låtar som «Månestein» og den splitter nye «Sole i Årsjø», samt damekoret Gjeling-Ljomen frå Garmo, vart avslutninga rett og slett magisk. Nokre kalla det sakralt – andre kalla det berre utruleg vakkert og rørande, slik at tårene randt for nokon. Meir tå dette og bur du Dombåstraktene er det godt muleg at du kan oppleva Frikk live der i den næraste frmtida. Fellesskap nyttar – også i Ottadalen Då applausen stilna og folk rusla heimover, var det inga tvil: dette var meir enn ein konsert. Det var eit levande prov og eit solid på at det nyttar å stå opp mot makta (Ap, MDG og Høgre) og på at fellesskap fortsatt nyttar. For eitt år sidan vart det mørkt – men no lyser håpet igjen, takka vere engasjerte lomværar og andre i Ottadalen og resten av Noreg, som har stort hjarta og god musikksmak. Det er med ekte takksemd og audmjukdom ein ser korleis gode krefter, lokal innsats og politisk vilje faktisk kan gjere ein forskjell. Klassefesten 24. oktober vart eit strålande symbol på nettopp det – eit breitt, dugnadsbasert samarbeid der heile bygda igjen drog i same retning. 60 000.- blanke på ein kveld står det respekt av. Takk for opplevinga. "Månestein" (hør den her på Youtube) Meld deg inn i venneforeningen her.

20251024_200621

Det var både latter, lått og litt tårer då Utgard fleirbrukshus i Lom vart fylt til randa fredag kveld. Eitt år og éin dag etter at den vidaregåande skulen i Lom vart bestemt nedlagd, kunne bygdefolket i Ottadalen samlast til musikalsk fest – og visa at fellesskap framleis fungerer, og er den sterkaste krafta i dalen!

Det var som eit lite eventyr – og litt av eit comeback – då Utgard fleirbrukshus i Lom fredag 24. oktober vart fylt til randa av musikk, latter, kaffi, kake og ekte bygdestemning. For nøyaktig eitt år og éin dag etter at den vidaregåande skulen i Lom fekk «dødsstøtet» av MDG, Ap og Høgre i Innlandet fylkesting, slo bygdefolket tilbake med det som best kan skildrast som ein musikalsk maktdemonstrasjon i fellesskapets ånd: ei klassefest av dei sjeldne!

Det har vore fleire idesprinterar og framovelente folk som har laga til denne kvelden.   Lom Lyd A/S, Monica Holm Kolden, Venneforeininga for vidaregåande skule i Lom – og elles alt som kan krypa og gå av triveleg Ottadalsfolk med engasjement i blodet har dei siste to månadene. Målet: å samle inn pengar og støtta Jotunheimen privatistskule, som har reist seg som har blitt ei føredøme på distiktas motstandskamp mot nedlegging i norsk utdanningshistorie.

Musikalsk stjernelag på bygda

Kvelden baud på eit program som kunne gjort sjølvaste Rockefeller misunneleg. Rundt 250 publikummarar fylte storstova i Utgard, og alle artistane stilte opp heilt gratis. Billettprisen? Tja, den bestemte du sjølv – det var frivillig betaling på Vipps, akkurat som i den gode gamle bygdeånda der alle gir det dei kan.

– Det beste er at alle sa ja med ein gong! fortel ei tydeleg rørt Monica Holm Kolden etter konserten. – Og at vi fekk med Aune Sand igjen! Han har engasjert seg heilt frå starten i  demonstarasjonen på Hamar og bidrog i kveld med kunst til utloddinga.

Og for ei loddbok det vart! Lokalt næringsliv frå heile Ottadalen hadde bidrege og kunstnarbidrag frå Aune og Vegard Sand samt Marianne Auli sørgde for at kvelden gav eit solid overskot på over 60.000 kroner – alt til drift av Jotunheimen privatistskule.

Tidlegare ordførar i Skjåk Elias Sperstad leia showet med stø hand, medan Sondre Bøye frå TAFI (Tverrfagleg arbeidsgruppe for framtidsskulen i Innlandet) takka for initiativet, og minna alle på kor viktig samold og det å løfte samen framleis gjeld for  Lom og regionen.

Musikken som rørte både jotnar og troll.

Programmet opna med Lom og Skjåk Brass, som bokstaveleg talt blåste liv i kvelden. Etter dei entra Jon Olav Kolden og Arnt Joar Bråten scena, sistnemnde med ei tolking av Willie Nelsons «Okie from Muskogee» som sat som eit smell i Ottadalen.

Så var det tid for Even Offerdal Bakken, toradervirtuosen som kan få sjølv den mest rytmelause til å trø takten. Deretter kom organist Rasim Ramazanor med fingrar som flaut som fjellbekkar over tangentane – både klassisk og jazz i skjønn forening. Han var ei oppleving å høyre, og gjerne ja takk, om det blir «Jazz i Lom» med Rasim på tangentane.

Og jammen stilte Lom Juniorspellmannslag også – ungdommen leverte ein springar så det lukta både svidd fele og framtidstru. Den heilt unike sangerinna Ruth Olina Lødemel frå Gausdal løfta taket med si klokkeklare stemme, og gåsehuda breidde seg i salen som rim på myrgras.

Espen Barlund Nicolaisen viste at trekkspel slett ikkje berre er for gamle karar med snus og sigen bukse– med over 400 trekkspel i familien veit han kva han driv med!

Så kom «Sølvstrupene», fire lett gråsprengde karar frå «Lomsk»-miljøet, som drog på med sceneshow og klassikarar frå 70- og 80-talet. Då dei sette i gong «Gryta hennar mor», var allsangen eit faktum – og det har neppe vore sunge med så innleving aust for Bergen før.

Og som om ikkje det var nok: Bandet Eldhaug frå Skjåk avslutta første del med heavyrock på nynorsk, så både troll og jotnar dansa i Lomseggen. Tribuna dirra, øyrevoksen losna, men smilet sat fast resten av kvelden etter den herlege rockeseansa, som nok medførte eit lite kultursjokk for nokon av tilhøyrerane.

Kaffi, kake og kultursjokk del 2

Etter pause med sjølvbetening av kaffi og dei frivillige sine herlege kaker (betaling på Vipps, sjølvsagt), var det Erik Grøna som sparka i gong andre omgang – lett på fingrane og tung på talent. Deretter følgde ei «Jularbo»-hending i 3/4-takt, med tre dragspelarar som spelte så valsen svevde over borda.

Jon Olav Kolden kom tilbake solo – nærvær, ekte og varmt i kvar tone.

Så var det klart for kveldens høgdepunkt: Frikk Gjeilo, lomvær og visesongar av rang. Med låtar som «Månestein» og den splitter nye «Sole i Årsjø», samt damekoret Gjeling-Ljomen frå Garmo, vart avslutninga rett og slett magisk. Nokre kalla det sakralt – andre kalla det berre utruleg vakkert og rørande, slik at tårene randt for nokon. Meir tå dette og bur du Dombåstraktene er det godt muleg at du kan oppleva Frikk live der i den næraste frmtida.

Fellesskap nyttar – også i Ottadalen

Då applausen stilna og folk rusla heimover, var det inga tvil: dette var meir enn ein konsert. Det var eit levande prov og eit solid på at det nyttar å stå opp mot makta (Ap, MDG og Høgre) og på at fellesskap fortsatt nyttar.

For eitt år sidan vart det mørkt – men no lyser håpet igjen, takka vere engasjerte lomværar og andre i Ottadalen og resten av Noreg, som har stort hjarta og god musikksmak.

Det er med ekte takksemd og audmjukdom ein ser korleis gode krefter, lokal innsats og politisk vilje faktisk kan gjere ein forskjell. Klassefesten 24. oktober vart eit strålande symbol på nettopp det – eit breitt, dugnadsbasert samarbeid der heile bygda igjen drog i same retning. 60 000.- blanke på ein kveld står det respekt av.

Takk for opplevinga.

«Månestein» (hør den her på Youtube)

Meld deg inn i venneforeningen her.

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Image Info

  • Dimensions:2 560 × 632
  • Date:24. oktober 2025
  • Camera:Galaxy S25 Ultra
  • Aperture:f1
  • Focal Length:6 mm
  • ISO:1000
  • Shutter Speed:15,6 sec
  • Type:JPG
  • Name:20251024_200621-scaled.jpg
  • Mime Type:image/jpeg
  • Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *