Dagsturhytta på Kviteberg opna – ei stor gledesstund for friluftsfolket og alle andre.
Torsdag var ein stor dag for friluftsfolket og alle andre på Fagernes, då ordførar Knut Arne Fjelltun klipte snora og opna dagsturhytta på Kviteberg. Hytta ligg på den gamle husmannsplassen i Fodnesåsen vest for byen, der den kvite paviljongen stod i gamle dagar. Ordføraren hadde teke seg fri frå både innejeneste og elgjakt, og storkosa seg på tur opp bratthenget og blant blide turfolk. Han trekte spesielt fram det gode samarbeidet med næringslivet og nemnde byfest, julebelysning, beplantningar og vedlikehald i Fagernes sentrum. – Eg vil takke alle i næringslivet som ennå ein gong blei tunga på vektskåla for å fullføre prosjektet, sa han.
Om lag 40 turgåarar hadde teke turen opp for å vere med på opninga. Dei fekk servert kaffi og nydelig bløtkake, medan folkehelserådgivar Kristi Westerbø sørga for at alle også kunne få ein liten «skjenk» bobler – ein festdag for friluftslivet midt i oktober.
Hytta på Kviteberg er den 18. som blir sett opp i Innlandet, og totalt skal 25 dagsturhytter vere på plass innan utgangen av året. Prosjektet blei starta av Innlandet fylkeskommune i 2020, inspirert av eit vellukka prosjekt i Sogn og Fjordane. Sparebankstiftinga DNB og Sparebankstiftinga Hedmark har bidratt med finansiering, slik at alle kommunane i fylket har fått tilbod om ein hytte. Alle hyttene er like, teikna av RAM arkitekter og bygde som element av Brun Bygg A/S i Vågå. Hytta på Kviteberg blei frakta med helikopter, og ble montert på påler.
Heidi Arnesen og Fagernes Handelsstand tok på seg ansvaret for at hytta skulle bli fullfinansiert, etter at Nord-Aurdal kommune ikkje hadde økonomi til å bidra. Med eit lite, men svært raskt «telefonsprint», og eit solid samarbeid med Kaja Funder Idstad på Fagernes Camping, blei 100 000 kroner sikra på nokre timar.
Bildetekst:
Robert Gjerdalen og Valdres Auto A/S støttar lokalt friluftsliv
Robert Gjerdalen, dagleg leiar på Valdres Auto A/S, var raskt ute saman med sine tilsette då innsamlingsjentene ringde. Bilbutikken bidrog med 20 000 kroner til hytta på Kviteberg. – Eg brukar området mykje sjølv, og ser gevinsten for folkehelsa. Barn og unge vil nok lettare la seg freiste til å bli med på turar her i kvardagen no, når det er mogleg å fyre i omnen og kose seg litt innandørs, smiler Gjerdalen etter kaffikosen i hytta.
Heidi Arnesen var nøye med å takke alle sponsorar i Nord-Aurdal og på Fagernes. – Fagernes Handelsstand tek også ansvar for å vedlikehalde hytta i 30 år framover, så då blir det vel til at Kaja og eg flyttar opp hit om nokre år for å klare det, sa ho til stor latter frå publikum.
Folkehelserådgivar Kristi Westerbø har følgt prosjektet tett gjennom den lange byråkratiske “turløypa”. – Det har ikkje vore ein søndagstur å få dette til, men no som vi er i mål er eg både stolt og fornøgd. Eg set særleg pris på næringslivet sitt bidrag, og at Fagernes no både har open badstue på Fagernes Camping og ny kiosk i parken. Alt dette løftar Valdres og gir et bedre tilbod til både fastbuande og besøkande, sjølv om hytta ligg på Fagernes, avsluttar ho frå hytteveggen med utsikt over bygdebyen, fjorden og bygdene rundt.
Med dagsturhytta på Kviteberg er det no enno lettare å nyte ein liten «fjelltur» i nærområdet – anten du vil ha ein pust i bakken, ein kopp kaffi, eller berre nyte utsikta over Valdres.
Torodd Lybeck er ein av dei trufaste på Kviteberg og skreiv denne teksten til biletet over.
Det var offisiell opning av den nye dagsturhytta på Kviteberg i dag. Eg tok den vanlege måndagsturen min slik at eg kom der på tur ned att frå Bergastigen – Valakampen til opninga. Då var det alt samla 30-40 turgåarar der! På bildet ser vi ordførar Knut Arne Fjelltun fortelja om kor gjerne kommunen ville bidra til denne hytta, men at dei likevel ikkje kunne når det kom til stykket, av grunnar vi alle veit. Han ga difor ros til Heidi Arnesen (i raudt) og Kaia Funder (lenger bak i turkis), som hadde teke ansvar og fått realisert prosjektet med hytta likevel, takk vera gåver frå næringslivet på Fagernes.
Etter snorklypping og skåling i alkoholfri sjampanje, vart alle bedne med inn i hytta på kaffe og bløtkake. På bildet ser vi elles avisa Valdres og nettavisa Langs Veien, som var på plass. Alle andre står bak meg, ser det ut til – for det var mykje folk der!
Turbeskriving Kviteberg (542 moh)
Dette er ein lett og triveleg dagstur frå Fagernes sentrum, med utsikt som gjer at du gløymer alle pausane du tek på vegen opp dei 200 høgdemeterne. Turen er godt merka frå sentrum: følg strandpromenaden vestover, gjennom parken og over gangbrua, ta eit lite avstikk på E16, opp Nesvegen og vidare via Liavegen og Øvre Lykkjavegen før stien tek deg inn i skogen og opp til toppen.
På toppen ventar dagsturhytta med panoramautsikt over Strandefjorden og Fagernes – perfekt for å stoppe opp, drikke kaffi, beundre utsikta og kanskje late som du er ein ekte fjellfant. Hytta er open for alle, og om det er kaldt kan du fyre opp i omnen og varme både tær og sjel.
Totalt er turen til Kviteberg ca. 5 km, tek om lag 2,5 timar og passar godt for barn – og vaksne – som ikkje har noko imot å ta mange pausar på vegen opp. Parkering finst i sentrum eller ved Valdres Folkemuseum – og hugs: på tur opp er det heilt lov å stoppe for å nyte utsikta (eller berre kvile litt på steinen du tilfeldigvis fann). Og det er fint om du ryddar opp etter deg sjølv og andre og tek med eit par vedkubbar om du vil fyre i omnen.
Tekst og foto: Torodd Lybeck og Roy Myrland
27. oktober 2024.








