Stemninga stod i taket då Fagjuryprisen under Rakfiskfestivalen 2025 vart delt ut i lokalmatteltet på Fagernes.
Takk til: Bilbadeland, Øie Trafikkskole Vaset Skiheiser Trio Elektro As, Rørleggermester Svein Olsen & Sønner as -Leira for annonsestøtte til denne artikkelen.
Etter intens smaking og god stemning vart det klart: Røn Gard gjekk heilt til topps!
Biletet over: Førsteplassen gjekk til Røn Gard, og den same familien sikra seg også andreplassen med Lofoss Fisk, medan Noraker Gård tok ein velfortent tredjeplass.

Nils Noraker og laget hans er stadig å finne i toppen når det er rakfiskkåringar, og årets kåring var ikkje noko unntak.

-Dette er heilt utruleg stas, sa Randi Røn smilande etter kåringa. Familien Røn driv både Røn Gard og Lofoss Fisk, og kunne difor juble for både gull og sølv – for andre året på rad.
Frå venstre: Lage, Endre og Randi Røn framfor boden deira på Fagernes.

Biletet over: Frå venstre ordførar Knut Arne Fjelltun, Lage Røn, juryleiar Guro Helgesdotter Rognså, Endre Røn, Randi Røn og rakfiskgeneral Håvard Halvorsen.
Fagjury med sans for smak og tradisjon
Årets rakfiskjury vart leia av Guro Helgesdotter Rognså (nr. 2 frå høgre) frå Stavanger, som har vore ein sentral del av festivalen i fleire år. Ho hadde med seg eit solid lag av fagfolk: Mats Erik Strand, Runa Kvendseth, Halvor Heuch og Per Ole Fjeldberg.
Vurderinga gjekk føre seg som blindtest – utan at juryen visste kven som stod bak fisken. – Nivået var skyhøgt, men vinnarfiléten frå Røn Gard utmerka seg med perfekt balanse, aroma og handverk av høg klasse, fortalde Guro Helgesdotter Rognså etter kåringa. Rognså kjem opphavleg frå Ulnes i Valdres, der ho vaks opp omgitt av både natur og mattradisjonar. Ho har med seg interessa for lokalmat heimanfrå – Faren Helge Gudheim, er kjend som forfattar av praktverket om ysting og har vore ein sentral formidlar av tradisjonell handverksmat i regionen.
Biletet over: Ekteparet Hildur og Tore Hagen frå Årdal sikra seg rakfisk frå Endre Røn alt fredag.
Kvalitet, tradisjon og ekte lidenskap
Med røter heilt tilbake til 1960-talet har Røn Gard bygd opp eit solid rykte for kvalitet og tradisjon. Dei siste åra har garden investert i moderne produksjonsanlegg, noko som gjev resultat både på jurybordet og i salgsbodene, der fisken gjekk unna i rekordfart.








