-Søtt til tennene og noko varmt på hendene.

-Søtt til tennene og noko varmt på hendene.

I Vestre Slidre finn du Margit Bratvold, dama som kokar briskebær til suksess – og som har gjort treak, den søte delikatessa, til eit lite stykke Valdres-magi i to variantar: -Hard eller mjuk.

Takk til Vom og Hundemat, Byggtorget Fosheim Sag og Byggmester Ranheim A/S for annonsestøtte til denne artikkelen.

Under Rakfiskfestivalen fann Langsvegen.no henne på den vesle standen ved Slidreøyas Venner, der duften av einer låg innpakka i gråpapir og forseglede posar.

– Å lage treak er eit langt lerret å bleike, ler Margit. – Først må dei blå briskebæra plukkast, så skal det kokast låg, og deretter kokast og rørast igjen og igjen til du får den rette konsistensen. Det går fort ein heil dag for å koke ein kjele med treak!

Så lener ho seg fram og deler ei lita hemmeligheit med Langsvegen.no sine lesarar:
– Hemmeligheita ligg i tida! Nokre minutt frå eller til avgjer om treaken blir mjuk som «karamell» eller hard som “kamferdrops”. Eg har knekt koden – den eine typen er «bløtkaramell-mjuk», den andre varer lenge og gir den gode nostalgiske smaken. Smaken er lik, men konsistensen – det er magien, smiler ho.

Men Margit nøyer seg ikkje med grytene – når ho ikkje kokar treak, strikkar ho flotte vottar i glade fargar, og nokon av dei som kjem innom standen, endar opp med både noko søtt til tennene og noko varmt på hendene. Valdreskvitlaug er også noko har ei godt fohold til og kan «litt» om.

Salet går strykande, og Margit held på humøret mellom nøgde kundar som vil ha med seg litt ekte Valdres heim.
– Folk likar det som er ekte. Det handlar om handverk, tålmod, tradisjon – og litt galskap, legg ho til med eit lurt glimt i auga.

Vil du ha ein smak av treak-lykka – eller eit par heimelaga vottar – finn du Margit Bratvold på Facebook. Søk opp namnet, så får du godsakene rett frå gryta – eller strikkepinnane – i Vestre Slidre.

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

fifteen − two =