Valdrisar på scenen med både by- og bygdefolk i salen – Storefjell leverer julestemning på topp! -Midt i mylderet står Lars Nibstad, ein mann som kjenner kvar krik og krok av hotellet, og som like gjerne justerer lydnivået som han hjelper ein gjest som har rota seg bort i heisen.
Takk til Vom og Hundemat Rørleggermester Svein Olsen & Sønner as -Leira, Prosess Automasjon A/S og Montér Kvismo for annonsestøtte til denne artikkelen.

Frå ungdomsskule til hotellbygging
Oppe på Golsfjellet, tusen meter over havet, har Storefjell Resort Hotel vore eit naturleg samlingspunkt i generasjonar. Familien Nibstad har halde drifta i gang lenge før Lars fekk sine første aksjar – alt medan han gjekk på ungdomsskulen.
– Foreldra våre var tidleg ute med å gi oss ansvar. Eg har køyrt både lastebil for å hente materialar og buss for å hente gjester, fortel han.
Dei fire brørne Andreas , Simen, Fredrik og Lars har hatt kvar sine ansvarsområde, og Lars peikar på samarbeidet mellom dei som ein viktig grunn til at hotellet stadig har utvikla seg.
Ny generasjon tek stafettpinnen
No er det neste generasjon Nibstad som gradvis førebur seg på å ta over. Lars si eiga dotter trivst godt på hotellet, men det er dei tre nevøane som står klare til å vidareføre familiearven.
– Dei har fått dette inn med morsmjølka, så eg trur hotellet er i trygge hender framover, seier Lars med eit lunt smil.
Full fart og julebordsstemning
Gjennom november og desember er det hektisk aktivitet på fjellet. Storefjell er kjent for sine legendariske julebord, og i år var det Staut frå Valdres som opna sesongen.
– Vi har nokre av dei beste banda i Noreg og Skandinavia på scena, og dette har blitt ein tradisjon folk verkeleg ser fram til kvart år, seier Lars.
Aktivitet året rundt
Men Storefjell lever ikkje berre av julebord. Her er det liv heile året – frå messer og kurs til store konferansar og små produktvisingar.
– Vi har hatt alt frå traktorar i hallen til små intimarrangement. Lokala våre tåler det meste, ler Lars.
Han fortel at også statlege etatar har vore trufaste kundar, noko som har vore viktig i eit krevjande hotellmarked.
Dei trufaste gjestene
– Seniormarknaden har vore heilt avgjerande for oss. Dei kjem att, dei fyller romma – og dei er dei beste ambassadørane vi kan ha, seier Lars.
Med nær 290 rom krevst det jamn aktivitet, og det har hotellet klart å halde – takka vere lojalitet, dugnadsånd og god planlegging.
Bygging og framtid
Dei siste åra har hotellet også reist 24 nye selveigarleilegheiter, og interessa har vore stor.
– Vi har berre nokre få att no. Det har vore eit godt prosjekt både for oss og for fjellet, seier Lars.
Men før nye planar vert sett ut i livet, står årets julebordsesong øvst på lista.
– Vi skal levere god mat, musikk og stemning – og sørgje for at folk dreg herifrå med lyst til å kome attende, seier han før han hastar vidare til neste oppgåve.

