Stadig nye episoder på Spotify og Langs Vegen No der.
Faglærer Kristin Enger fikk god hjelp med oppvasken av Kristoffer Hovland. Kristin er forbilledlig engasjert i matfaget og satte stor pris på at "Brimi'n og resten av gjengen hans kom på besøk og brukte tid med både elever og foresatte.
Faglærer Kristin Enger fikk god hjelp med oppvasken av Hovland. Kristin er forbilledlig engasjert i matfaget og satte stor pris på at «Brimi’n og resten av gjengen hans kom på besøk og brukte tid med både elever og foresatte.
Som tente lys! Wilhelm Petter Enerud, Øystre Slidre. Martin Viktor Nygaard, Etnedal og Amund Hestekind Storsveen, Etnedal fulgte nøye med da Arne pynta kaka.
Varaordfører i Øystre Slidre, One Enerud (SV) stod i første linje mot fylkesordfører Breen og det knappe flertalet i fylkestinget for nedleggelsen av VG 2 matfag på Valdres Videregåande skule i vår.
Både de unge og føresatte fekk grundig forklart og fortalt om Opplæringskontoret Brimi-Kjøken mange aktivitetar.
Arne Brimi og laget hans gjorde valdrisar av seg!
Tysdag 17. november vart Valdres vidaregåande skule forvandla til ei rein gourmetarena då sjølvaste Arne Brimi og laget hans frå Opplæringskontoret Brimi-Kjøken inntok kjøkenet der.
Alle 10.-klassingane i Valdres var inviterte til å kokkelere side om side med Arne Brimi, Kristoffer Hovland frå Vianvang og Espen Hartløv frå Opplæringskontoret Brimi-Kjøken.
Kristoffer Hovland er tidlegare kåra til «Årets kjøkkensjef i Noreg», og han har vore på kokkelandslaget i fem år, der han mellom anna var med på å vinne verdscupen i kokkekunst.
Espen Hartløv er driftsansvarleg for Opplæringskontoret og handterer det administrative – som informasjon og kommunikasjon, planlegging og koordinering, rekruttering med meir – i tillegg til å vere eit nøytralt bindeledd mellom lærlingane og lærebedriftene.
Han informerte dei unge – og foreldra deira – om dei mange moglegheitene innan matfag og yrkesopplæring.
Etter ein dag med kutting, røring og smaksprøvar inviterte ungdommane dei føresette til ein skikkeleg festmiddag på skulen. Det vart god stemning, mette magar og mykje latter, og gjengen fekk solid informasjon om tilboda for dei som vil inn i matfaget – nært og engasjerande formidla av Arne sjølv, med Tor Ivar som «wingman».
Arne Brimi forklarte grundig for dei føresette korleis Opplæringskontoret Brimi-Kjøken samarbeider for å utdanne framtidas matfagfolk – både på kjøken og i restaurant.
1+3-modellen i Valdres
Føresette og elevar fekk ei grundig forklaring av 1+3-modellen her i Valdres.
Etter at Innlandet fylkeskommune la ned Vg2 Restaurant- og matfag no i haust, er 1+3-modellen eit alternativ for elevar som ikkje ønskjer å flytte langt heimanfrå for å ta den tradisjonelle utdanninga via Vg2.
– Denne 1+3-løysinga, med eitt år på skule og tre i bedrift, stiller store krav til bedriftene, men gevinsten kan vere stor for alle, sa Brimi.
Han la òg til at samarbeid på tvers av fjellregionen – både nord og sør for Valdresflye – bør vere nøkkelen til å halde fagtradisjonen levande i fjellbygdene i Innlandet.
Best av alt: Mange unge drog heim mette på både mat og inspirasjon – og kanskje med ein gryande draum om kokkelue i framtida.
Dette besøket vart arrangert på oppdrag frå Innlandet fylkeskommune, som ønskjer å fremje søkinga til matfaglinjene ved skulane i fylket.
Fotonote:
Opplæringskontoret Brimi-Kjøken består av elleve små, familieeigde bedrifter frå Sjodalen og Ottadalen. Sidan starten for 18 år sidan har dei samarbeidd om å utdanne nye fagfolk innan matfaget – både på kjøken og i restaurantar – med lokal forankring og ekte matglede som varemerke.