Stadig nye episoder på Spotify og Langs Vegen No der.
Nokre menneske får alt til å falle litt meir på plass når dei kjem inn i rommet. Jacob Svarre Håvelsrud er ein slik person. Med humør, varme og ei ro som gjer godt, har han blitt ein av Valdres sine mest folkekjære og tillitsvekkjande skikkelsar.
I dag er han dagleg leiar og gravferdskonsulent ved Kampenes Begravelsesbyrå på Fagernes, og det er nettopp i dei lune lokala der denne podkasten er spelt inn.
Gjennom samtalen får vi ta del i Jacobs store samfunnsengasjement. Han er eit ja-menneske av sjeldan sort – ein som stiller opp, ser folk, tek ansvar og bidreg i lokalsamfunnet på ein måte som verkeleg set spor.
I podkasten går vi òg openhjartig inn i noko mange undrast på, men få vågar å spørje om:
Kva skjer eigentleg når eit menneske døyr?
Korleis ser prosessane ut – både dei praktiske, dei menneskelege og dei djupt respektfulle?
Her gir Jacob ei grundig, varm og forståeleg forklaring på kva som faktisk kan skje etter eit dødsfall, og han opnar døra til eit fagfelt dei fleste berre ser utanfrå. Gjennom si jordnære og tydelege formidling får vi eit unikt innblikk i arbeidet bak ein gravferd – og kor mykje omtanke, presisjon, medkjensle og humor som ligg i denne viktige jobben.
Samtidig får vi vere med på Jacobs mangfaldige livsreise: frå Danmarks flate landskap til Finnmarks-vidda, via hundekøyring, utmarksforvaltning, lærargjerning, frivillig arbeid og ein krevjande kreftkamp – og til slutt då han «kom heim» Volbu i Valdres. Foto Roy Myrland