Juletre laga høgt over folkeskikken. -Ekte heimesløyd.

Juletre laga høgt over folkeskikken. -Ekte heimesløyd.

På jakt etter det perfekte juletreet hamna utsendingen frå Langsvegen.no høgt, høgt oppe i lia i Skrautvål, med god utsikt ned mot rv. 51 der byfolket stod i kø nordover gjennom vinterlandskapet i Valdres.

Takk til Vom og HundematFjellvang Transport AsByggtorget Fosheim SagVaset Skiheiser for stønad til denne artikkelen.

Der oppe og høgt over vegens larm har finsnikkar Terje Rosenlund (biletet over) si eiga snikkar-skåle.

– Du bur litt høgt oppe, Terje?
– Ja, det kan ein vel seie. Høgt oppe i lia, oppe på åskammen i Skrautvål i Valdres. Her kjem vinteren tidleg, og stillheita er så roleg at ho nesten kan høyrast.

Her bur Terje – ein fingernem vaksen kar med sag, hammer og god tid. Med vid utsikt over bygda og naturen tett på, har han funne ein rytme som passar både årstidene og handverket.

– Kvar er det du lagar dette?
– I ei lita snikkar-skåle (snekker-bod red.anm). Eg har det eg treng der. Litt verktøy som kanskje ser tilfeldig ut for andre, men det er no det som gjer jobben.

I skålin blir det laga ekte heimesløyd. Handverk slik det var meint å vere: laga for hand, på gamlemåten, utan stress og utan masseproduksjon. For, som Terje seier, det tek jo litt tid når ein gjer det ordentleg.

– Dette er ikkje første gongen du lagar juletre?
– Nei, no er det før 4. året på rad.

Kvart år lagar Terje desse fine juletre-kassene. Kvart einaste tre er heilt unikt, spesiallaga etter Terjes eige design – og litt etter dagsforma. Ingen er heilt like, akkurat som folk flest.

– Kva slags juletre er dette, eigentleg?
– Ifølgje grundig og heilt uavhengig forsking, utført av meg sjølv, er det verdas finaste juletre.

Og han smiler litt når han seier det. Tre som er like fine ute som inne, og som toler både vêr, vind og nordavind frå feil kant.

Dette er juletre for deg som: – er lei av plast
– er lei av nåler overalt
– eller berre vil ha noko naboen ikkje har

– Kva gjer folk om dei vil ha eit slikt tre?
– Då tek dei kontakt på PM her. Eg ordnar resten. Som vanleg.

Fakta for dei som likar slikt:
• Høgde: ca. 1 meter
• Breidde: ca. 40 cm
• Pris: 1000,-

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *