Dagens podkastgjest er leiar av Lokalsamfunnforeningen, Svein Olav Agnalt (Ap), er uredd, målretta og kjend for å seie ting som dei er. Han er ei av dei mest respekterte og tydelege stemmene mot tvungen sentralisering i Noreg, og ein sterk forkjempar for kommune-Noreg og levande lokalsamfunn.
Takk til SPAR Beitostølen Vom og Hundemat og Meny Stavern for stønad til artikkel og podkast.
I denne episoden av Langs Vegen No-podkasten blir vi betre kjende med Svein Olav Agnalt – frå oppveksten i Østfold til eit langt liv i lokalpolitikken, næringslivet og arbeidet for distrikta og lokalsamfunn over heile landet. Undervegs deler han erfaringar, gode historier og solid politisk innsikt.
Podkasten er spelt inn på kontoret hans hos Norsk Dekor, verksemda han starta for 25 år sidan, og der han i dag lever eit fritt og humørfylt seniorliv saman med 16 tålmodige og dedikerte medarbeidarar. Som medgrunnleggjar og leiar av Lokalsamfunnforeningen, saman med Ole Gustav Narud, har Agnalt vore ei av dei mest standhaftige og viktige stemmene mot sentralisering i norsk politikk.
Det blir både humor, lokalpatriotisme og politiske djupdykk når redaktør Roy Myrland frå Langsvegen.no leier samtalen med den tidlegare ordføraren og varaordføraren som i over 12 år var ein populær og omsorgsfull politisk leiar i Skiptvet kommune.

