Julestemning på julebordet til Skrautvål Sokneråd

Skrautvål Sokneråd samla bygda til sitt tradisjonsrike julebord i Skrautvål grendehus, med god julemat, song, dans og ekte førjulshygge for store og små. Skrautvål sokneråd på biletet frå venstre: Håvard Meisdalshagen, Kristine Inderhaug, Knut Ove Hennum, Arnold Skaar, Anne Sørmoen Stubberud, Marit Trøen Bjørnshagen, Aud Irene Lyseng, Skrautvål Sokneråd inviterte laurdag 13. desember til sitt årlege julebord, og som vanleg vart det ei triveleg samling der både mat, musikk og godt lag stod i sentrum. Om lag 60 gjester fylte Skrautvål grendehus, som viste seg å vere ein framifrå arena for førjulshygge. Musikere av beste sort: Einar Haugli, Ann Hilde Skaar og Marit Hegde Leiar i soknerådet, Håvard Meidsdalshagen, og dei mange engasjerte medhjelparane hans, sørgde for at ingen gjekk svoltne heim. På menyen stod juletallerken med både dessert og kaffi, levert av Aurdalsstua – til stor glede for gjestene. – Dette er ein viktig tradisjon og er med på å halde bygda vår saman. Skrautvål grendehus er også perfekt for slike arrangement, seier Meidsdalshagen til Langsvegen.no. Helena og Hermine på armen til bestemor Elisabeth Meisdalshagen Etter maten vart det gang rundt juletreet, og alle versa vart songne – akkompagnert av Anne Hilde Skaar på torader. Seinare på kvelden vart det meir song, denne gongen med Marit trygt plassert bak pianoet. Mot slutten av kvelden drog Einar Haugli  i gang trekkspillet, og då tonane av reinlender fylte lokalet, var det fleire som fann fram både dansefot og godt humør. Med snø på bakken og julestemninga på topp, vart det nok ein minneverdig kveld i bygda. Anne Sørmoen bar asjetter og Camilla Sørmoen og Oda Kvam Granli sørget for å få det sortert og inn og ut av oppvaskmaskinen etter juletrefesten. Alle i soknerådet tok eit tak, og på kjøkkenet sørgde AA og BB for at oppvasken forsvann i takt med julemusikken. Ei påminning om at det er samhald, dugnadsånd og gode tradisjonar som skapar ekte jul i Skrautvål.

Skrautvål Sokneråd samla bygda til sitt tradisjonsrike julebord i Skrautvål grendehus, med god julemat, song, dans og ekte førjulshygge.

Skrautvål sokneråd på biletet frå venstre: Håvard Meisdalshagen, Kristine Inderhaug, Knut Ove Hennum, Arnold Skaar, Anne Sørmoen Stubberud, Marit Trøen Bjørnshagen, Aud Irene Lyseng,

Skrautvål Sokneråd inviterte laurdag 13. desember til sitt årlege julebord, og som vanleg vart det ei triveleg samling der både mat, musikk og godt lag stod i sentrum. Om lag 60 gjester fylte Skrautvål grendehus, som viste seg å vere ein framifrå arena for førjulshygge.

Julemusikere av beste sort: Einar Haugli, Ann Hilde Skaar og Marit Hegde
Julemusikere av beste sort: Einar Haugli, Ann Hilde Skaar og Marit Hegde

Leiar i soknerådet, Håvard Meidsdalshagen, og dei mange engasjerte medhjelparane hans, sørgde for at ingen gjekk svoltne heim. På menyen stod juletallerken med både dessert og kaffi, levert av Aurdalsstua 
– Dette er ein viktig tradisjon og er med på å halde bygda vår saman. Skrautvål grendehus er også perfekt for slike arrangement, seier Meidsdalshagen (biletet over) til Langsvegen.no.

Fornøyde jenter etter julebordet. -Helena og Hermine på armen til bestemor Elisabeth Meisdalshagen

Etter maten vart det gang rundt juletreet, og alle versa vart songne – akkompagnert av Anne Hilde Skaar på torader. Seinare på kvelden vart det meir song, denne gongen med Marit Hegde trygt plassert bak pianoet.

Mot slutten av kvelden drog Einar Haugli  i gang trekkspillet, og då tonane av reinlender fylte lokalet, var det fleire som fann fram både dansefot og godt humør. Med snø på bakken og julestemninga på topp, vart det nok ein minneverdig kveld i bygda.

Anne Sørmoen hadde god hjelp ved kjøkkenbenken. Camilla Sørmoen og Oda Kvam Granli sørget for å få det sortert og inn og ut av oppvaskmaskinen etter juletrefesten.

Alle i soknerådet tok eit tak. Ei påminning om at det er samhald, dugnadsånd og gode tradisjonar som skapar ekte jul i Skrautvål og andre steder.

Sokneprest Kristine Inderhaug takket for maten på julebordet og nevnte spesielt det at vi hadde så mye å være takknemelige for i sin lille tale.

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *