Det ligg an til juleoptimisme over Valdresflye!
Med store mengder snø i fjellet kan både skiløparar og kitere få heilt ultimate forhold der oppe – om dei kjem seg fram på fv. 51. Akkurat no herjar uvêret over flye, og både i dag 19. desember og i morgon melder yr.no om skikkeleg ruskevêr og dårleg sikt. Men så kjem vendepunktet. Vêrprognosane peikar mot eventyrleg fine romjulsdagar, med rolegare forhold og vinter på sitt aller beste. Byggeleder i Innlandet Fylkeskommune Håvard Ødegård, seier at målet er å halde vegen open, så lenge det let seg gjere utan bruk av fres. Gjeldande føringar for vinterstenging av Valdresflye seier at vegen skal vinterstengjast ved uvêr etter 15. desember, dersom forholda krev oppfresing av vegen, avluttar han førjulspraten om veg.
Dermed er det berre å krysse fingrane for at Odd Arne Rødningen (biletet over) og brøyteheltane i Beitostølen Anlegg A/S klarer jobben med spissplog og brøyteskjær mellom Bygdin og Sjodalen. -Lukkast dei, ligg alt til rette for både juletrafikk, næringsliv – og magiske vinterdagar på Valdresflye.
Videoen under er fra åpningen av Valdresflye våren 2015.
MEn det blir ikke helt stengt. Delstrekningen Garli – Bygdin skal uansett holdes åpen til over nyttår om værforholdene tillater det. Dette er også i tråd med politisk vedtak. Oppdatert informasjon fås hos vegtrafikksentralen tlf 175 eller vegvesen.no/trafikk


