Podkast: Når systemet svikta, reiste bygda seg. -Hanna Gjeilo Skjåkødegård leiar dei i kampen.

Podkast: Hanna Gjeilo Skjåkødegård om skulekampen i Lom

Det er ikkje kvar dag ein møter menneske som både har doktorgrad, dugnadsånd og kampvilje nok til å flytte fjell – eller i det minste redde ein vidaregåande skule. I denne podkasten møter du Hanna Gjeilo Skjåkødegård frå Skjåk i Gudbrandsdalen, kvinna som stod i første rekke då kampen for vidaregåande opplæring i Lom verkeleg tok til.

Stor takk til Brun Bygg As Gjendebåten og Visitgjende – Besseggen for spons til artikkel og podkast.

Med di hjelp kan vi fortelje fleire viktige historier – i podkast, video og tekst. Gå vidare her.

Medan skulekampen har rasa, har Hanna vore busett i Bergen. No har ho teke med seg både ektemannen Vetle og døtrene Frida og Maria, og flytta heim att til Skjåk. Familien bur mellombels i ein bustad eigd av Skjåk kommune, ein del av ordninga der folk kan få «prøvebu» i bygda i inntil tre år. Men her er det inga tvil: Hanna skal ikkje prøvebu. Ho og familien skal bli – så snart huset dei byggjer står ferdig.

Saman med TAFI – Tverrfagleg arbeidsgruppe for framtidsskulen i Innlandet, og ei rekkje andre gode krefter, har ho vore med på å samle inn over 65 millionar kroner til det som i dag heiter Jotunheimen Privatistskole. I podkasten får Hanna òg besøk av sambygding Aud Hove, gruppeleiar for Senterpartiet i Innlandet fylkeskommune. Ho har med seg ei gåve av det heilt unike slaget – ei helsing som seier mykje om kva slags menneske Hanna er.

Samtalen er spelt inn i Smiu på Bismo i Skjåk, der redaktør Roy Myrland i nettavisa Langsvegen.no både intervjuar og har produsert podkasten. Undervegs blir det både latter, alvor og refleksjonar om bygdekraft, politikk, barn og framtid. Hanna har nemleg også doktorgrad frå Det medisinske fakultetet ved Universitetet i Bergen, og arbeider i dag som postdoktor og forskar innan vekt og spiseforstyrringar hos barn og unge.

Podkasten er produsert med annonsestøtte frå: Torstein Brun og Brun Bygg A/S,  Harald Rune Øvstedal og Gjendebåtene, samt Bernt Jo Vole i Visit Bessegen og Gjende.

Sjå og høyr heile podkasten – dette er bygdehistorie medan ho blir til.

Podkast: Hanna Gjeilo Skjåkødegård om skulekampen i Lom
Foto, tekst og podkast: Roy Myrland 23.12.25.
Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *