6 av dei 40 podkastane på «Langs Vegen No» i 2025. -Menneske som set spor i landskap, lokalsamfunn og kvardagsliv.

6 av dei 40 podkastane på "Langs Vegen No" i 2025.  -Menneske som set spor i landskap, lokalsamfunn og kvardagsliv.

Del 1 av podkastkavalkadene for 2025 på Spotify og «Langs Vegen No», er nære og ærlege samtalar med menneske som lever, arbeider og skaper langs vegen – frå fjell og friluftsliv til næringsliv, kultur og bygder. Podkastvert Roy Myrland møter folk med sterke historier, tydelege meiningar og djup forankring i lokalsamfunna dei kjem frå. Her får du stemmer frå Beitostølen, Jotunheimen og dalføre rundt, forteljingar om ansvar, engasjement og kvardagsliv – rett frå røynda, utan filter.

I desse episodane møter du mellom anna Astrid J. Nyquist ved Beitostølen Helsesportsenter, som deler tankar om leiarskap og inkludering, fjellfolka Bjørn Ekerbakke og Kåre Lund frå Bessheim Fjellstue, som fortel om liv og arbeid i Sjodalen, og Marius Haugaløkken ved DNT Gjendesheim, midt i Jotunheimen der stiane møtest. Vidare får du innsikt i industri og bygdeutvikling gjennom Steinar Lyseng i VYRK, friluftsliv på ekte med Mari Cathrine Larsen, og eit sjeldan innblikk i reindrifta gjennom reingjetarane Dag Inge Bakke og Sjur Slettom.

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *