Nettavisa Langsvegen.no har igjen pakka både varme klede og notatblokk og teke turen langt til fjells. På Selstølshøgda, rett aust for Yddin Fjellstue, er vinterslaktinga hos Fram Tamreinlag i full gang.
Stor takk Meny Stavern , KIWI Farriseidet, Montér Storefoss og Meny Søndersrød, Helgeroa for annonsestøtte til artikkelen.
Biletet over: Lillian Josefsson frå Vågå hadde teke omvegen om Lillehammer, sidan Valdresflye er vinterstengd, for å bidra då Fram Reinlag skulle slakte. Ho kunne fortelje at både tamreinlaga i Lom og Vågå allereie hadde gjort unna vinterslaktinga.
I bitande vinterkulde arbeider rutinerte fjellfolk side om side med unge, ivrige fjellkarar og -jenter som er på god veg til å bli like støe som dei erfarne. Med ro i kroppen, respekt for dyra og mange års erfaring blir reinsdyra handterte slik det skal gjerast – og resultatet er kvalitetsproduktet Rein Frå Jotunheimen, heilt utan hastverk, snarvegar eller tilsetningar. Dette er ekte saker.
Rundt 3000 reinsdyr er samla, og om lag 350 av dei har fått «billett» til vinterslakt. Reinen har beita i Langsuadalen fram til no, før flokken vart samla og sortert på Selstølshøgda. Dyra som skal leva vidare, blir flytta til området ved Rundemellen, der dei skal på vinterbeite vidare – med litt betre oversikt i rekkjene.
Arbeidet i innhegninga er alt anna enn tilfeldig. Overgjeter Åsmund Bakkene har full kontroll på kven som får GPS-klave – ein slags fjellvariant av smartklokke, berre utan treningsapp.
Samstundes står nestleiar i tamreinlaget, Halgeir Opdal med notatblokka klar og registrerer nøye alle dyr som får øyremerke og skal leva vidare i flokken. Her er det orden i systemet, sjølv om det kan sjå litt livleg ut for utrente auge.
Leiar i tamreinlaget, Øystein Opdal, er godt fornøgd – både med kondisjonen på reinsdyra og med korleis innsamlinga har gått. Dyra blir sende gjennom tre utsorteringar, eller «siler», før endeleg vurdering. For kvar runde blir flokken meir oversiktleg, og i den siste silen er det mogleg å ta seg god tid til kvart enkelt dyr. Effektivt, roleg – og overraskande raskt.
Dyra som går til slakt, blir selde under merkevara Rein Frå Jotunheimen, eit kvalitetsstempel som byggjer på frie dyr i fjellet, godt handverk og folk som veit kva dei held på med. Resultatet er lokal mat med historie – rett frå høgfjellet.
For Langsveien.no handlar slike turar langt til fjells om meir enn å dokumentere ei vinterslakt for leserane. Det handlar om å vise fram menneska, kunnskapen og kvardagen i fjellheimen – og om å fortelje kvifor dette betyr noko for merkevara Valdres. Natur, friluftsliv og aktiv bruk av fjellet er viktige grunnar til at folk kjem hit, og tamreindrifta er ein stille, men sentral del av dette biletet.
Kort sagt: litt kald fjelluft, mykje arbeidsglede – og ei historie som berre kan forteljast langt til fjells.

Lillian Jakobsson har hatt reinen som livsfølgje sidan ho var småjente. Med ein far som reingjeter og ei eiga sterk dragning mot fridomen i fjellet, har ho brukt mange somrar som gjeter i Vågå Tamrein – og den 4,5 timar lange køyreturen frå Vågå til Valdres vinterstid har aldri vore noko hinder. I dag jobbar ho fulltid som reingjeter, eit yrke som passar henne like naturleg som fjellet sjølv.
Overgjetaren «instruerer» sitt mannskap. Frå venstre: Knut Kvissel, reingjeter Ilillian Josefson, overgjeter Åsmund Bakkene og styremedlem i Fram reinlag, Torgrim Grøv,

Dei kler seg godt for høgfjellet og kan handtere rein. Flokk etter flokk vart skilde ut og hamna her inne i den minste «sila», der den endelege lagnaden til dyra venta. Frå venstre: Kjell Enger, Erik André Flåte Lien og Alexander Gulbrandsen.

Det tek berre nokre sekund frå Knut Kvissel plukka ut reinsdyret, til det ligg på bakken og er klart til å få øyremerke som tamrein.

Snøscooterane er til uvurderleg hjelp når dyra skal samlast og flyttast. Tamreinen er ikkje så tam som det kan høyrast ut som – han vil gjerne gå sine eigne vegar, og får han ei opning, stikk han av garde. Då er det godt å ha nokre kraftige ccm under setet oppe i høgfjellet.

Alexander er opprinneleg frå Kolboten, men trivast no med eigen gard i Vang. Arbeidet i skogen, trivst han ekstra godt med. Det å få vere med når reinen skal merkjast og sorterast, er også ein stor bonus når ein bor i fjellbygda, seier han.

Det trengst godt med folk når reinen skal skiljast. Presenninga blir halden mellom folka og fungerer som eit gjerde når delar av storflokken skal skiljast ut.

Tord Dieserud Rogne har handtert tusenvis av rein i Jotunheimen, når dei skal skiljast både haust og vinter. Kunnskapen og erfaringa hans er gull verd når arbeidet med merking skal gjerast effektivt og raskt.

Ola Steinde (til høgre) held merketanga, og det går raskt å setje «piercing» i øyra på denne simla som han held.

Om ein tek av i Heggenes er det «straka» langs vegen til Yddin og Selstølhøgda.

Lillian håndterer dyra med stor sikkerhet og årevis med erfaring gjør henne til en effektiv reingjetar, både i sorteringa og på viddene.

Flotte dyr, og i godt hold i flokken til Fram Reinlag.

Ein er tett på dyra når dei blir sorterte. Her inne i sila er det rolege forhold, slik at dyra ikkje blir skremde unødig. Livdyr blir sleppte ut gjennom den eine døra, medan dei som skal til slakt, går ut gjennom den andre.

Folk held seg i midten, slik at flokken kan rotere rundt.

Sjå etter «Rein frå Jotunheimen» i butikken, og les gjerne meir om den solide merkevara frå Valdres og Ottadalen her. https://reinfrajotunheimen.no/


Permalink
Fin reportasje om ei viktig næring for fjellbygdene. Media kan påvirke til at fleire kommuner satser på denne næringa i staden for å stenge folk ute turområder og andre tradisjonelle aktiviteter i høgfjellet slik det blir gjort i villreinområder i dag.