Biletet: Sonja og Harald hadde med seg «halve slekta» på julebukkfesten i Rogne i Valdres. Det royale besøket fekk også prisen for beste julebukk. Ifølgje det som muligens seiast er sikre kjelder var det etter dei fleste opplysningar antageligvis Inger Cathrine og Stig Aastveit som var bak maskene til det uventa royale besøket.
Takk til Vyrk, Grobakken Landmek As, Hovrud Auto Hovli Auto AS og Montér Storefoss for spons til denne artikkelen.
Fest på Solhaug Samfunnshus rundt 20. dag jul er ein tradisjon som vart teken opp att for tre år sidan, og har sidan vore eit populært arrangement med servering og god stemning både ved borda og på dansegolvet.
Før du les vidare – slike artiklar skriv seg ikkje sjølve, så gjer gjerne nokre klikk her. Takk på førehand!
Det var mange kalde ute, men stemninga var desto «heitare» inne i det trivelege samfunnshuset langs riksveg 51 i Øystre Slidre. Rundt 50 utkledde julebukkar – og fleire andre som trassa den bitande blå – tok turen til den populære tilstellinga.
Heile festen starta klokka 20.00, og alle som møtte utkledde før klokka 21.00 fekk 100 kroner i avslag på billettprisen. Og folk kom! Mange var rett og slett ugjenkjennelege, og gleda var stor for dei som klarte å halde identiteten skjult lengst mogleg fram mot maskefall klokka 23.00. Den beste forkledninga blei sjølvsagt premiert.
Biletet over: «Durex og Märtha» fekk som vanleg solid merksemd, sjølv om dei ikkje prata med englar eller anna skrømt denne gongen. Rykta seier at det likevel fanst noko «Lurium 2000» på innsia av vesten. Den fekk fleire smake på utover kvelden..
Det blei mykje latter og god stemning i godt selskap med bygdafolk – og eit par tilreisande festløver. Bandet «Johms» frå Vestre Slidre spela opp til dans for dei feststemte, og dansegolvet var ein populær plass for både utkledde og andre utover natta.

Det var styret i Solhaug Samfunnshus som stod som arrangør. Else Marie Myrvold, som sit i styret og i arrangementskomiteen, fortel at målet er å skape ei triveleg møteplass for bygda:
– Vi ønskjer at folk skal kose seg og møtast til sosialt lag. Julebukkmoroa har blitt ein flott tradisjon, og det er ekstra kjekt å sjå så mange som byr på seg sjølve.
Ho var sjølv mellom dei som bidrog til liv og røre i salen denne kvelden.
Det aktive og solide samfunnshuset ser alt fram mot våren, når det igjen blir revypremiere på Solhaug rundt 17. mai med Melleheim Ungdomslag sine revystjerner.
Else Marie Myrvold fortel også til nettavisa Langsvegen.no at ho vil oppmode folk til å besøke Solhaug kvar onsdag. Då held styret ope i kjellaren frå klokka 12.00, og «ungdom over 60» – og gjerne nokre yngre også – møtest til vaflar, kaffi, gode historier og triveleg samvær.





Med utslått hår og sleng i buksene lét dei den delvis «nedsnødde» frie sjela, til eit vasspipe-røykjande blomsterbarn på biletet under, få vera i fred. Jentene frå Vang har vakse frå kunstige stimulansar – og går no til kvardags i Gore-Tex og topptursko. Den frie sjela lever vidare, berre med betre demping og garanti mot gnagsår.
No seias det at hippi-jentene vil ta opp att Syftesokstemnet ved St. Tomaskyrkja på Filefjell 2. juli– for Vinjerock blei rett og slett for tamt for desse sprelske fjellgeitene. Der seier sagnet: «Her vart mang ein god hest sprengd, mang ein sprek kar dengd og mang ei ven møy krenkt!» -Det går nok betre no med peace and love ano 2026.





Foto : Else Marie Myrvold
Tekst: Roy Myrland
Klikk her for å lesa meir om Skrautvålvotten:



