Eit halvt hundreår med sølv som skin.

Eit halvt hundreår med sølv som skin.

Inger Norunn markerer 50 år som handverkar.

Høgt og fritt i Øystre Slidre, ligg Høvda Verkstad Sylv og Tre AS i Øystre Slidre. Her held Inger Norunn Solhaug til (biletet over)– og i år markerer ho imponerande 50 år som handverkar. Eit halvt hundreår med sølv, tre og stødig håndbåren Valdres-kunskap.

Takk til Fossen Camping Fagernes , @EMB-Maskin, Erik Martin Berge og Byggtorget Fosheim Sag for annonsestøtte.

Inger Norunn starta yrkeslivet på Fagernes, og i 1980 kjøpte ho og ektemannen Rainer Solhaug (1952–2021) småbruket Høvda. Saman bygde dei stein på stein opp ein verkstad, ein heim og ein levande handverksplass. Rainer, møbelsnekker og tredreiar, sette sitt tydelege preg på staden heilt fram til han gjekk bort i 2021. Det dei skapte saman, lever vidare.

No jobbar Inger Norunn tett saman med May Elin Rønningen (til på venstre biletet over) og Andrea Uhlenhut, og dei tre damene stortrivst side om side på verkstaden. Vinteren er høgsesong for å lage opp søljer og bunadstilbehøyr til både konfirmasjonar og 17. mai, og då er det godt å ha litt ferdige ting på lager. Med stø handlag, godt humør og mykje latter i rommet, blir det produsert både mykje og godt – slik at bunadene kan vere klare når festdagane kjem.

Inger Norun markerer 50 år som handverkar Høgt og fritt i Øystre Slidre, ligg Høvda Verkstad Sylv og Tre AS i Øystre Slidre. Her held Inger Norun Solhaug til (biletet over)– og i år markerer ho imponerande 50 år som handverkar. Eit halvt hundreår med sølv, tre og stødig håndbåren Valdres-kunskap. Inger Norun starta yrkeslivet på Fagernes, og i 1980 kjøpte ho og ektemannen Rainer Solhaug (1952–2021) småbruket Høvda. Saman bygde dei stein på stein opp ein verkstad, ein heim og ein levande handverksplass. Rainer, møbelsnekker og tredreiar, sette sitt tydelege preg på staden heilt fram til han gjekk bort i 2021. Det dei skapte saman, lever vidare. No jobbar Inger Norun tett saman med May Elin Rønnign (til på venstre biletet over) og Andrea Uhlenhut, og dei tre damene stortrivst side om side på verkstaden. Vinteren er høgsesong for å lage opp søljer og bunadstilbehøyr til både konfirmasjonar og 17. mai, og då er det godt å ha litt ferdige ting på lager. Med stø handlag, godt humør og mykje latter i rommet, blir det produsert både mykje og godt – slik at bunadene kan vere klare når festdagane kjem. No ligg snøen djupt rundt Høvda – slik snø som knirkar godt og gjer den eventyrlige utsikta sørover dalen ekstra staseleg. Inne er det varmt, ikkje berre av omn og kaffi, men av konsentrasjon og skaparglede. Inger Norun og makkerane hennar sit side om side og jobbar roleg og presist med det finaste sølvsmedarbeidet. Tempoet er stødig, hendene sikre. Verkstaden bugnar av ferdige produkt: bunadssølv til alle typar bunader, smykke inspirert av heilt lokale funn frå Valdres – og den folkekjære Gyngesauen, ein gyngesau frå Valdres som har vorte ein liten klassikar. Mange kjenner også Høvda frå TV-programmet Der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Sjølv om vinteren regjerer ute, er det vår i hovudet. Inger Norun er ein hageentusiast av det verkelege slaget og tel dagane til dei første frøa skal i pottene. Men akkurat nå, når arbeidsdagen er over – eller før han byrjar – tek ho gjerne på seg trugene og går ein tur i lia bak garden: litt frisk luft, litt utsikt og ny inspirasjon. På Høvda handlar det om hender som har lært seg faget gjennom 50 år, om tradisjonar som er haldne i hevd – og om viljen til å halde fram, sjølv når livet endrar seg. Når Inger Norun markerer 50 år som handverkar i år, er det ikkje berre eit jubileum, men ei stille og sterk feiring av ekte handverk laga for å vare. Gratulerer så mykje med jubileet, frå Langsvegen.no.No ligg snøen djupt rundt Høvda – slik snø som knirkar godt og gjer den eventyrlige utsikta sørover dalen ekstra staseleg. Inne er det varmt, ikkje berre av omn og kaffi, men av konsentrasjon og skaparglede. Inger Norunn og makkerane hennar sit side om side og jobbar roleg og presist med det finaste sølvsmedarbeidet. Tempoet er stødig, hendene sikre.

Inger Norun markerer 50 år som handverkar Høgt og fritt i Øystre Slidre, ligg Høvda Verkstad Sylv og Tre AS i Øystre Slidre. Her held Inger Norun Solhaug til (biletet over)– og i år markerer ho imponerande 50 år som handverkar. Eit halvt hundreår med sølv, tre og stødig håndbåren Valdres-kunskap. Inger Norun starta yrkeslivet på Fagernes, og i 1980 kjøpte ho og ektemannen Rainer Solhaug (1952–2021) småbruket Høvda. Saman bygde dei stein på stein opp ein verkstad, ein heim og ein levande handverksplass. Rainer, møbelsnekker og tredreiar, sette sitt tydelege preg på staden heilt fram til han gjekk bort i 2021. Det dei skapte saman, lever vidare. No jobbar Inger Norun tett saman med May Elin Rønnign (til på venstre biletet over) og Andrea Uhlenhut, og dei tre damene stortrivst side om side på verkstaden. Vinteren er høgsesong for å lage opp søljer og bunadstilbehøyr til både konfirmasjonar og 17. mai, og då er det godt å ha litt ferdige ting på lager. Med stø handlag, godt humør og mykje latter i rommet, blir det produsert både mykje og godt – slik at bunadene kan vere klare når festdagane kjem. No ligg snøen djupt rundt Høvda – slik snø som knirkar godt og gjer den eventyrlige utsikta sørover dalen ekstra staseleg. Inne er det varmt, ikkje berre av omn og kaffi, men av konsentrasjon og skaparglede. Inger Norun og makkerane hennar sit side om side og jobbar roleg og presist med det finaste sølvsmedarbeidet. Tempoet er stødig, hendene sikre. Verkstaden bugnar av ferdige produkt: bunadssølv til alle typar bunader, smykke inspirert av heilt lokale funn frå Valdres – og den folkekjære Gyngesauen, ein gyngesau frå Valdres som har vorte ein liten klassikar. Mange kjenner også Høvda frå TV-programmet Der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Sjølv om vinteren regjerer ute, er det vår i hovudet. Inger Norun er ein hageentusiast av det verkelege slaget og tel dagane til dei første frøa skal i pottene. Men akkurat nå, når arbeidsdagen er over – eller før han byrjar – tek ho gjerne på seg trugene og går ein tur i lia bak garden: litt frisk luft, litt utsikt og ny inspirasjon. På Høvda handlar det om hender som har lært seg faget gjennom 50 år, om tradisjonar som er haldne i hevd – og om viljen til å halde fram, sjølv når livet endrar seg. Når Inger Norun markerer 50 år som handverkar i år, er det ikkje berre eit jubileum, men ei stille og sterk feiring av ekte handverk laga for å vare. Gratulerer så mykje med jubileet, frå Langsvegen.no.Verkstaden bugnar av ferdige produkt: bunadssølv til alle typar bunader, smykke inspirert av heilt lokale funn frå Valdres – og den folkekjære Gyngesauen, ein gyngesau frå Valdres som har vorte ein liten klassikar. Mange kjenner også Høvda frå TV-programmet Der ingen skulle tru at nokon kunne bu.

Sjølv om vinteren regjerer ute, er det vår i hovudet. Inger Norunn er ein hageentusiast av det verkelege slaget og tel dagane til dei første frøa skal i pottene. Men akkurat nå, når arbeidsdagen er over – eller før han byrjar – tek ho gjerne på seg trugene og går ein tur i lia bak garden: litt frisk luft, litt utsikt og ny inspirasjon.

På Høvda handlar det om hender som har lært seg faget gjennom 50 år, om tradisjonar som er haldne i hevd – og om viljen til å halde fram, sjølv når livet endrar seg. Når Inger Norunn markerer 50 år som handverkar i år, er det ikkje berre eit jubileum, men ei stille og sterk feiring av ekte handverk laga for å vare. Gratulerer så mykje med jubileet, frå Langsvegen.no.

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

17 − three =