Flower power fekk sin eigen lokale vri på Fagernes i 1979. Med gulrøtter og reddikar vart tiårsjubileet etter Woodstock feira med brask og bram i Valdreshallen.
Dei som hadde lyst til å mimre tilbake til desse gyldne tidene, kunne onsdag kveld lene seg tilbake og la Bjørn Stendebakken ta dei med på ei reise tilbake til rockens gullalder. Han heldt føredrag i festsalen på Valdres folkemuseum og om lag 60 stykk hadde møtt fram.
Biletet over frå venstre: Jan Svanheld, Lars Myhre og Terje Steinfinnsbø, alle tre var med i The Clay Boys band.. Historieforteller Bjørn Stendebakken sitter nærmest og bakerst sitter tekniker Kjell Einar Kana.
Mange band såg dansen lys på starten av 70-talet og fleire av dei frammøtte nikka anerkjennande da bandnamn som Klakkensteingutane, Milestones og Band og the 60s vart henta fram att. Dei tradisjonsrike grendehusa vart scener for den nye tida. Det var på Solhaug, i Røn og på Fossvang det skjedde.
Mange av dei som starta karrieren med rock på Fagernes, har vorte god kjende i ettertid, både med musikk og på andre område, mellom anna Ola Thune og Kjetil Kjelle.
Stendebakken er i gang med eit større dokumentasjonsprosjekt av ropckehistoria i Valdres. Han lovar etter kvart ei bok. Enn så lenge kan du høyre del ein av tre podcastar med Stendebakken her:


Permalink
Hørte om denne Stendebakken da vi bodde på Fagernes midt på åtti-tallet.
Husker det var en plate sjappe i sentrum.
Du kunne bytte. Angret på In A Glass House med Gentle Giant. Så den kjøpte jeg igjen senere.
Permalink
Må bare korrigere her… Terje Steinfinsbø, Lars Myhre og Jan Svanheld var ikke
med i the band of the sixties, De var med i The Clay Boys band.