Podkast: Formueskatt og norsk eigarskap.

Valdres i hjartet: Vedum om bedrifter, eigarskap og lokalsamfunn

Valdres i hjartet: Vedum om bedrifter, eigarskap og lokalsamfunn.

Senterparti-leiaren og stortingsrepresentanten Trygve Slagsvold Vedum tok imot redaktør Roy Myrland og podkasten Langs Vegen No i kontoret sitt på Stortinget til ein grundig prat om nokre av dei mest krevjande spørsmåla i norsk økonomi og næringspolitikk.

Der vart han utfordra på både formuesskatt og oppkjøp av norske bedrifter – tema som vekkjer sterke meiningar og uro mange stader i landet. Vedum svara utførleg, med både resonnement, skråblikk og eit solid lass engasjement om eigarskap og distriktspolitikk. Samstundes understreka han at både han og Senterpartiet er opptekne av å gjere ein skikkeleg jobb for at folk skal kunne ha det godt – både no og i framtida. Undervegs tok han fleire svingar innom Valdres, der familiebedrifter og lokalsamfunn blir løfta fram som sjølve ryggrada i verdiskapinga – servert med glimt i auget og ein bonde-metafor eller to. Bodskapen er tydeleg: Nasjonal politikk skal kjennast heilt ut der fylkesvegen er både smal og humpete, og avstanden til Oslo lang.

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

three × five =