No er tida for å leita med ljos og lupe etter vårtegn.
-Vår på Bilbadeland – og strøkne løyper på fjellet, er et av dei!
Artikkelen er laga med annonsestøtte frå: Byggmester Ranheim, Gjendebåtane og Valdresbakst.
Olav Johan Øraker er i godt humør om dagen. Det har han god grunn til!
På Bilbadeland langs Valdresvegen i Fagernes og på Leira er våren i full gang. Sola har gjort mykje av jobben – men no tek «bilbadevakten» sjølv over kommandoen med kost og rive.
– Det å få bort grusen og pynte opp etter vinteren meiner eg er viktig. Eg set stor pris på at fleire og fleire oppdagar og brukar «bilbadelandet», for å få reine og fine bilar. Då bør det sjå bra ut når dei kjem òg, fortel Øraker.
Og det er ikkje vanskeleg å forstå at staden appellerer. Etter veker med slaps, søle og salta asfalt på vårlige vegar er det mange som no vil ha rein bil att.
Men Valdres er Valdres. Vil du ikkje heilt gje slepp på vinteren endå, treng du berre køyra nokre høgdemeter opp på åsen eller til fjells. Der ventar strøkne skiløyper på deg – klare til påskegjester og alle andre som framleis vil ha ski på beina litt til.
Altså: Vår nede. Vinter oppe. Ikkje dumt!

