«Pjolterleverandøren» fra Rogne er klar for våren

"Pjolterleverandøren" fra Rogne er klar for våren

Koppelam – dei minste med størst behov

Knut Bergene hjå Grobakken Landmek i Rogne har melkeerstatningssekkene klare – og i desse vårdagane er det fleire sauebønder som hamnar i «uløkka» og får ein ekstra å gje spesialomsorg og stell. Som uoffisiell «pjolterleverandør» til sauefjøs både i Valdres og landet elles sørgjer Knut for at nyfødde ulldottar både nært og fjernt får tilgang til det livsgivende drikke når dei treng det.

Takk til Lyseng Maskin & TransportBeitostølen Helsesportsenter Fjelltun Sandtak og Transport A/S og Brun Bygg As for annonsestøtte

Når mora ikkje strekk til

Kvar vår dukkar dei opp – dei små lamma som av ulike grunnar ikkje kan gå med mora. Kanskje var kullet for stort, kanskje miste lammet søya si, eller kanskje var søya rett og slett for syk til å ta seg av ungen. Uansett årsak hamnar dei i same situasjon: dei treng hjelp – og dei treng det no. Dette fører med seg ekstra arbeid og tidsbruk for sauebøndene.


Den lille halen som surrar som en propell

Mange sauebønder i Valdres – og over heile landet – kjenner godt til synet. Det vesle lammet som står og stampar utolmodig, halen surrande som ein liten propell medan det sugjer i seg mjølk frå smokken med eit engasjement som får deg til å smila uansett kor sliten du er. Søtt er det. Veldig søtt.

Og når koppelamma får gå fritt rundt, er det eit kosleg syn – men det medfører òg ekstra utfordringar og meirarbeid for bonden. Det blir ekstra ting å passere på: jamnleg tilsyn, rett temperatur på mjølka og passe mengd per måltid. For mykje mjølk på ein gong er ein klassisk feil som kan gje vondt i magen – og ein sur sauebonde. Det gjeld òg å passa på at alle lamma faktisk får i seg nok, og ikkje berre dei mest frampå. For det er alltid éin i gjengen som er litt mer på hogget enn dei andre.


Start tidlig med rask fødning

Det er òg lurt å gje lamma fri tilgang på kraftfôr og høy heilt frå starten, slik at vomma lærer seg jobben sin så tidleg som mogleg. Jo fortare lammet meistrar fast føde, desto lettare blir avvenninga – og desto meir søvn får bonden.


Stikk innom Knut

Knut Bergene hjå Grobakken Landmek har eit solid utval av alt du treng – anten det gjeld store eller små dyr. Stikk innom – han veit kva han snakkar om, og sekken er alltid på lager.


Verdt kvar einaste propellsving

Koppelam er ei utfordring, det er ingen tvil om det. Men med rette rutinar, rett utstyr – og ein god porsjon tolmod – er det fullt mogleg å gje dei minste eit godt liv frå første dag. Og når du ser den vesle halen surra rundt som ein propell, er det heile verdt det. Nesten.


Tekst: Roy Myrland, Langsvegen.no, 17. april 2026

 

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

17 + 4 =