Nynorsken står ikkje med lua i handa.

Nynorsken står ikkje med lua i handa.
 – Ingvild Bryn tok Fagernes med storm.
Ingvild Bryn var overraska, glad og stolt over at så mange møtte opp i godt humør då Nord-Aurdal mållag, Ulnes Bygdekvinnelag, samt Ranheim og Garli Bygdekvinnelag arrangerte kulturkveld i Trykkeriet på Fagernes onsdag 16. april. Det var fullt hus – og det burde eigentleg ikkje overraska nokon. For når eit av Noregs mest elska nyhetsanker stiller opp frivillig, spelar piano, leier allsong og deler av seg sjølv, ja, då møter folk opp.
Biletet over: Ingvild Bryn fekk med seg ei valdresrose frå Langsvegen.no til nøkkelknippet heim – som takk for ein uforglemmelig kveld på Fagernes. Frå venstre: Aud Søyland, Ingvild Bryn, Bjørn Karsrud og Torodd Lybeck. (Valdresrosa som nøkkelknippe er til sals hjå Fagernes Landhandel og Turistkontoret på Fagernes)
Takk til Sporten Beitostølen , Lyseng Maskin & Transport, Hageland Gjennestad og Meny Søndersrød, Helgeroa for annonsestøtte til artikkelen.
Leiarane i Valdres mållag og Nord-Aurdal mållag, Marianne Granheim Trøyflat og Bjørn Karsrud, var storleg nøgde med både frammøtet av publikum og det framifrå foredraget til Ingvild Bryn.

Ho er ikkje å finna på nokon av eventbyråas liste. Stillinga i NRK gjer det umogleg. Det betyr at dei som får oppleva Ingvild Bryn i eit slikt uformelt foredrag, er heldige. Og valdresingane som hadde funne vegen til eit fullsett Trykkeri denne kvelden – vart ikkje skuffa.

Ein «starstruck» bladfyk

Biletet over: Ingvild Bryn i samtale med redaktør Roy Myrland i Trykkeriet på Fagernes 16. april.

Det var ein lettare «starstruck» redaktør frå Langsvegen.no som fekk lov til å stille spørsmål etterpå. Men nokre spørsmål vart det – og svara kom kontante, varme og med glimt i auget.

Som stødig normert nynorskbrukar var det sjølvsagt fristande å spørja Dagsrevyen-ankeret om ho nokon gong har vorte freista til å fletta inn eit bokmålsord eller to.

 -Eg misunner bokmålsfolket enkelte av orda dei har, men når eg har teke valet om å bruka normert nynorsk, så må eg halde meg til det og ikkje blande inn bokmålsord. Eg brukar ordboka mykje, og fleire og fleire ord som før ikkje stod i ordboka, er no godkjende. 

Og reagerer folk på det?

– Det hende nok oftere før. At eg seier Noreg i staden for Norge var det nokre som reagerte på. Men då eg gjekk over til å bruka Noreg 100 prosent , var det berre å køyra på.

Ho set faktisk pris på at folk seier frå når det vert gjort feil.

– Det er fint at dei seier frå. Eg vil gjerne at folk brukar den raude blyanten – særleg når det er feil som går att.

– Er det betre med dårleg nynorsk enn ingen nynorsk?

På spørsmål om å oppleve at nynorsken blir brukt feil eller at det blir «kleint», svarte ho med eit godt motspørsmål:

– Er det betre med dårleg nynorsk enn ingen nynorsk? Kanskje vi skal tillata og forstå at ikkje alle er like flinke.

Men éin ting får ho ikkje til å smila av. Fleire og fleire bøyer inkjekjønnsord etter bokmålsmønster i munnleg tale.

– Det er eg ikkje glad for. Inkjekjønn fleirtalsbøying på bokmålsvis er noko denne vossajenta absolutt ikkje sett pris på, sa ho – og det var ikkje vanskeleg å høyra at ho meinte det.

Nynorsk som person – og kva drikk hen eigentleg?

Så fekk ho eit litt annleis spørsmål: Viss nynorsk var ein person – korleis ville denne personen vera?

Ho tenkte seg litt om.

– Ein person som er trygg, stolt, sta og mogleg litt kverulant innimellom. Personen er van med å vera i mindretal og står definitivt ikkje med lua i handa.

Og kva likar denne personen å drikka?

Det tok litt lenger tid å bestemma seg for. Menn svaret vart – kefir. Nøytral kefir. Sjølvsagt.

Ho trekte òg fram Einar Førde som eit førebilete. Ein humoristisk, trygg, raus og sjølvsikker mann – litt som nynorsken sjølv, kanskje.

Kven skal bera nynorsken vidare?

Samtalen vart etter kvart meir alvorleg – men aldri tung. Ho har stor forståing for at folk slit med nynorsk når dei ikkje er vaksne opp med han. Men ho heiar på alle som prøver.

– Eg meiner at dei som har vakse opp med nynorsk, bør halda fram med å bruke han- om dei er opptekne av at nynorsken skal overleva.  Er det Jon Fosse og Herborg Kråkevik  som skal bera han vidare åleine – eller er det kvar enkelt av oss?

Ho er lei seg for at mange folk frå nynorskbygder vel bokmål når dei flyttar til byen, men vil ikkje kallast noko nynorskpoliti. Folk må sjølvsagt få velja kva språk dei vil bruka, seier ho.

– Kjør på med KI!

Er det greitt å bruke kunstig intelligens for å skrive betre nynorsk?

– Absolutt! Jo meir synleg nynorsken blir, jo betre. KI-en er vorte svært god – så kjør på!, sa ho med eit smil.

– Eg håpar å kunna gjera det i Valdres ein gong

Ingvild Bryn er glad for at ho har kunne bidra til å halda nynorsken levande gjennom Dagsrevyen. Når ho er ute og besøkjer mållag rundt om i landet, har ho ved fleire høve òg halde inspirasjonstimar for skuleelevar – og det er noko ho sett stor pris på.

– Eg kom litt seint på den tanken , men eg håpar verkeleg å kunna gjera det same her i Valdres ein gong, avslutta ho.

Ingvild Bryn har vore ein del av NRK sidan 1984 – fyrst i NRK Hordaland, så i Dagsnytt på radio, før ho tok steget over til Dagsrevyen i 1992. Undervegs har ho vore utanrikskorrespondent både i Stockholm og Washington, ho leidde Eurovision Song Contest saman med Morten Harket i 1996, og ho har mottatt prisar. Kringkastingsprisen og Alf Helleviks mediepris. Sidan 1992 har millionar av nordmenn møtt henne trygg, seriøs, og stødig som eit fjell når ho les nyheitene.

Den Ingvild Bryn kjenner vi.

Men i eit fullsett Trykkeri på Fagernes, fekk valdresingane verkeleg møta ei heilt anna side av henne. Her spelte ho piano, leidde allsong og delte av hjarta sitt utan eit einaste ark framfor seg.Varm, kjærleg, morosam, engasjert og ekte – og like trygg og naturleg som når ho les verdsnyhende frå studio.

Men hugs: Ho er knallhard på bøying av inkjekjønnsord i fleirtal.

Tekst: Roy Myrland, www.langsvegen.no

 

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

eleven − 1 =