Dei sel framleis sager med bensintank – men det er dei med batteri som no meir og meir tek over hylleplassen hos Bakke Maskinservice AS i Øystre Slidre. Ei bedrift med over 40 år i bransjen veit når vinden snur i skog og hage. Og saga, eller småmaskinane, går like godt uansett fosil eller fornybar energi «på tanken».
Biletet over frå venstre: Odd Einar Bakke og Reidar Johme
Odd Einar Bakke startet bedrifta allereie i 1980, og siden har sonen Øyvind og dottera Kristin blitt medeigararar. Ei solid valdresbedrift med dype røter – no også med batterimaskiner og sager i sortimentet.
Takk til Vyrk A/S, Lyseng Maskin A/S, Brun Bygg A/S og Abrahamsen Kjøttforretning – utan dykk hadde det ikkje blitt nokon artikkel!

Reidar og lidenskapen for sager
Reidar Johme er mannen du vil snakka med når motorsager er temaet. Lidenskapen er stor, kunnskapen er større, og entusiasmen smitter over på alle som kjem innom. Han fortel at det som sel meir og meir no, er batterisager. For oss som voks opp med Jobu- og Husqvarnasager – der blårøyken kunne kjennast lenge før du høyrde saga – er det litt av ein overgang!
Men utviklinga går raskt. Med det nest største batteriet på proffsaga til Stihl er driftstida no 48 minutt. To batteri, og du holdt det gåande i vedhaugen eller i skogen ein heil dag. Utan røyk. Utan oljeblandinger. Berre stille, effektiv kraft.
28 modellar utstilt i butikken no!
Hos Bakke Maskinservice AS finner du også Cramer og Echo-sager. Merkelojaliteten er framleis stor, men Echo tek over meir og meir av bensinmarknaden. Særleg dei minste modellane til Echo– som berre veg rundt 2,5 kg – er svært etterspurde. Dei er nesten lettare enn to termosar kaffi.
Flere jenter tek til saga
Reidar smiler når han fortel at stadig fleire jenter kjøper sager og blir skikkelege «sagførarar». Ei utvikling som berre er gledeleg – fleire hender, fleire sager, meir kortreist energi.
Og folk flest er faktisk flinke til å ha sikkerhetsutstyr på plass. – Vi prøver å oppfordra dei som berre skal «vera forsiktige», til også å kjøpe sikkerhetsutstyr, seier Reidar. Klokt råd, det.
Det er hobbymarknaden som er størst. Den gjennomsnittlege motorsagkjøparen er ikkje ein proff tømmerhoggar – det er deg og meg, med ein vedhaugen som ikkje hoggar seg sjølv.
Skarpe kjeder og sparte pengar
Bakke Maskinservice A/S driver også med kjedesliping. – Mange vil ha proffslipte kjeder. Nokre for å bruke opp kjedet, andre fordi det løner seg å halda det skarpt istadenfor å kjøpe nytt, fortel Odd Einar. Akkurat då vert han ropt på frå verkstedet – dei treng spisskompetansen hans der inne.
Slik er kvardagen på Bakke Maskinservice A/S. Travel, fagleg og full av folk som kan det dei driv med, og med 28 motorsagmodellar utstilt i butikken no!
Blårøyken er på veg ut. Batteriet er på veg inn. Men lidenskapen for gode sager – ho er like sterk som alltid.

