Kollegahjelpen – der for deg når vegen blir tung

Kollegahjelpen – der for deg når vegen blir tung

Mellom blanke kofangarar og brummande dieselmotorar på Valdres Motorshow 2026 på Leira fann Langsveien.no Johannes Kjørlien frå Fagernes Anlegg og Ola Einar Hovrud frå Hovrud Maskin på NLF sin stand. Dei to stod stødig mellom lastebilane og tok imot alle som ville vita meir om bransjen – og det var det mange som ville!
Samtalen kom raskt inn på ei ordning mange ikkje kjenner til: Kollegahjelpen.

 Annonsørar: Hageland Gjennestad , Vyrk og Vigas- Valdres Industrigulv AS Relaterte: Valdres Gatebil Norges Lastebileier-Forbund – NLF Nytt fra Valdres


Når alvorlege ulykker skjer på vegane, er det politiet som varslar Kollegahjelpen – og då er dei raskt på plass. For det å møta nokon som kjenner næringa frå innsida, betyr enormt mykje i ein slik situasjon.
Bjørn Ivar Gunhildgard i Fjellvang Transport er lastebileigar og kollegahjelpar, og er tydeleg på kva det handlar om.
– Éin ting er det fysiske, men det psykiske er mykje verre. Du kan risikere at du ikkje klarer å utføra jobben din att – og det er sikkert folk som blir øydelagde for livet, seier han til Langsveien.no.
Kollegahjelpen vart skipa av NLF heilt tilbake i 1995 og har i dag 65 frivillige over heile landet – alle kursa og klare til å stilla opp. Dei hjelper alle sjåførar, uansett om dei er NLF-medlemar eller ikkje.
Har du opplevd noko traumatisk bak rattet? Ikkje nøl – ta kontakt med Kollegahjelpen!

 

 

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

7 − 5 =