Helgeeventyr på fire hjul.

Helgeeventyr på fire hjul.

For dei fleste betyr helg rolege dagar heime, men for Bjørn Egge startar eventyret idet arbeidsveka går mot slutten. Då står bilen klar – og vegen ventar.

Stor takk til  #ValdrestømmerValdres Tømmer EMB Maskin- Erik Martin Berge Vang Auto-Service AS og Nerstad Tuft Transport ( https://www.facebook.com/profile.php?id=100048096265985)  uten dere hadde ikke denne historien satt dagens lys!

Biletet over: Willliam Scott (til høgre) i Valdres Motorshow og Bjørn Egge i Valdres Storhall.

Sist helg parkerte han ikkje ute i naturen, men inne i Valdres Storhall under Valdres Motorshow. Her viste han fram sin ombygde Nissan Navara, ein bil som har blitt eit rullande utgangspunkt for små og store eventyr. (Artikkelen fortsetter under podkastepisoden)

Det var stor interesse rundt både bilen og livsstilen. Mange nytta høvet til å spørje om korleis det eigentleg er å leve slik – med helgane ute i naturen, enten i Noreg, resten av Norden eller heilt til Island.

Men Egge er tydeleg på éin ting: Det treng slett ikkje vere avansert.

– Det er absolutt ikkje nødvendig med ombygd pickup og mykje utstyr for å starte med overlanding. Ein god sovepose og ei madrass, litt kokeutstyr og mat held lenge. Det fungerer fint i ein varebil eller ein romsleg stasjonsvogn for den som vil prøve, fortel han entusiastisk.

Han legg til at det finst fleire gode Facebook-sider der ein kan møte likesinna, få idear og kanskje det vesle dyttet ein treng for å kome i gang.

Egge kjem opphavleg frå Vang i Valdres, men har budd og arbeidd i Oslo i fleire år. Når fredagen kjem, er valet ofte enkelt: bort frå byen – og ut i naturen.

William Scott i Valdres Gatebil var svært nøgd med besøket.

– Bjørn inspirerer mange. Han viser at bilen kan vere mykje meir enn berre transport frå A til B, seier Scott.

Tidlegare i vinter tok Roy Myrland ein prat med Bjørn Egge i podkasten Langs Vegen No. Der deler han meir om kvifor han stadig søkjer seg ut – til roa, stillheita og fridomen.

Så kanskje er det ikkje så komplisert likevel. Kanskje held det med ein bil, litt utstyr – og lysta til å køyre dit vegen sluttar.

https://www.facebook.com/profile.php?id=100016454851725

https://www.youtube.com/@egge_overland

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

15 − 10 =