Isak Ledel får Lions-pris i Valdres

Isak Ledel får Lions-pris i Valdres

Bilskadereparatørlærling Isak Ledel (21) frå Volbu i Øystre Slidre får no ei ny og svært hyggeleg anerkjenning for innsatsen sin. Etter bronsemedaljen i Yrkes-NM er han tildelt Lions sin ungdoms- og yrkespris i Valdres.

Biletet over: Isak Ledel (til venstre) og daglig leiar for Kollstad Lakk og Sandblåsing A/S Tor Gunnar Melbye

Prisen blir delt ut under ei markering i Vang 2. juni, der representantar frå Lions-klubbane i Valdres vil heidre den unge fagarbeidaren.

Takk til Trio Elektro, Grobakken Landmek og Visit Gjende-Besseggen for annonsestøtte til artikkelen.

Bakgrunnen for utmerkinga er ikkje berre dei sterke resultata i yrkeskonkurransar. Isak blir også løfta fram som ein positiv ambassadør for yrkesfag, med stor arbeidsinnsats, godt humør og ei haldning som blir lagt merke til både av kollegaer og arbeidsgivarar.

Hos Kollstad Lakk & Sandblåsing på Spikarmoen har den unge valdrisen markert seg som ein lærling med både fagleg dyktigheit og omtanke for menneska rundt seg. Nyleg sikra han seg bronse i Yrkes-NM i Stavanger, og no kjem altså ei ny påskjønning frå Lions-rørsla i Valdres.

At prisen går til ein ung fagarbeidar som har valt yrkesfagleg utdanning, sender også eit viktig signal om kor verdifulle fagarbeidarar er for framtida til næringslivet i Valdres.

For Isak Ledel har 2026 så langt blitt eit år med både medaljar, ros og heider – fullt fortent, meinar mange.

Likar du det du har lese no? Då håpar vi du vil vere med på laget. For om lag éi krone dagen får du tilgang til alle artiklane våre – og bidreg samstundes til at vi kan halde fram med å reise langs vegar, inn på tun og ut i skogen for å finne nye historier frå Valdres og langt utanfor dalføret.

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

5 × five =