Christoffer Rustebakke takkar snart for seg etter tjueto år med skogplanter til Valdresskogbruket

Christoffer Rustebakke takkar snart for seg etter tjueto år med skogplanter til Valdresskogbruket

Etter tjueto år som «plantedistributør» til skogeigarane i Valdres, er ei epoke snart over for Christoffer Rustebakke på Rustebakke gard i Begnadalen. Sidan 2004 har millioner av gran- og furuplantar gått gjennom tunet på garden på veg ut til nye hogstflater og framtidsskogen rundt om i dalføret.

 Takk til Valdresskigard Vang Auto-Service AS Rein Frå Jotunheimen og Abrahamsen kjøttforretning for annonsestøtte.

No er eigarskapen på garden endra, og Christoffer er i gang med å hjelpe den nye eigaren gjennom overgangen.

Rustebakke gard ligg høgt og fritt på østsida av Begna i Begnadalen.

– Tidlegare var det i hovudsak Viken Skog som sørgde for plantingen til dalføret gjennom distriktslageret i tillegg til de private som administrerer selv. No leverer vi ut plantar til fleire selskap her på garden, fortel Christoffer.

Sjølv er han allereie deltidsinnbyggjar på Fagernes, men omsider blir flyttelasset permanent flytta til bygdebyen.

Skogplanting er ein viktig del av verdiskapinga i Valdres. Tømmer og skogbruk har vore ein del av livsgrunnlaget for mange familiar gjennom generasjonar, og etter kvar hogst er skogeigarane pålagde å sørgje for ny skog. Dei små plantane som kjem frå planteskulane er ofte berre rundt 20 centimeter høge når dei blir sette i jorda, men representerer starten på neste generasjon skog.

Arbeidet stoppar heller ikkje når plantane er i bakken. Dei første åra krev skogen oppfølging gjennom ungskogpleie. Då blir konkurrerande vegetasjon og uønskte tre rydda bort slik at dei beste gran- og furutrea får lys, plass og næring til å vekse seg sterke og rette. God ungskogpleie gir både betre kvalitet på framtidig tømmer og meir robust skog mot snø og vind.

Desse bilane fraktar plantar og folk rundt i Valdres for både å plante ny skog og stelle ungskogen som har vakse opp.

I dag blir det planta titals millionar skogplanter kvart år i Noreg, og gran og furu er framleis dei viktigaste treslaga for norsk skogbruk. Skogplanting handlar ikkje berre om framtidig tømmerproduksjon, men også om karbonbinding, naturforvaltning og verdiskaping i distrikta.

For Christoffer Rustebakke betyr årets utdeling likevel noko meir enn berre planter og logistikk. Det markerer slutten på eit langt kapittel ved Rustebakke gard – og starten på eit nytt liv på Fagernes. Men dei mange millionane med gran- og furuplantar som har passert gjennom tunet i Begnadalen sidan 2004, kjem til å vekse vidare i skogane rundt om i Valdres i mange tiår framover.

Artikkelen er skrevet med annonsestøtte frå JVB, Bygningstekniker Bertelrud, Valdrestømmer og Nerstad Tuft Transport A/S
Då utdelinga av skogplantar starta opp, vart det skrive ein liten beskjed i dørkarmen. Han står der enno, men innhaldet er framleis mest for kjentfolk.

Likar du det du har lese no? Då håpar vi du vil vere med på laget. For om lag éi krone dagen får du tilgang til alle artiklane våre – og bidreg samstundes til at vi kan halde fram med å reise langs vegar, inn på tun og ut i skogen for å finne nye historier frå Valdres og langt utanfor dalføret.

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

eight + 18 =