Takk til Nerstad Tuft Transport, Møbelringen Fagernes, Arves Vaktmestertenester og MONTER Storefoss for annonsestøtte til både artikkel og video. Slike gode hjelparar held hjula i gang for lokale saker og smått store historier langs vegen!
Biletet over: Mathias er ein god hjelpar for onkel når saueflokken skal ut av fjøset og til fjells i Bøvedalen -Tidleg krok osv.

Det er blitt skikkeleg vår i Bøverdalen. Bjørka lyser grønt, elva brusar friskt ned frå fjellet og rett aust for det mange meiner må vere den verkelege inspirasjonen til Flåklypa, ligg Vaagaasarøygard badande i vårsol. Der har Ola Vaagaasarøygard og familien nettopp lagt bak seg nokre av årets mest intense veker med lamming, og fleire turar i fjøset enn folk flest tek til kjøleskapet i jula.
No står årets store høgdepunkt for tur: sauesleppet.
For både søyer og lam ventar eit liv som nærast liknar ein femstjerners fjellferie. Oppe i liene ventar nyspira fjellgras, mjuke rogneskot og frodige vårbeite som får spælsauene til å oppføre seg som ungar i smågodthylla laurdagskvelden. Og nettopp spælsauen er ikkje kva som helst. Den gamle norske rasen er kjend for å vere hardfør, sprek og fjellvant – med ull som har halde nordmenn varme sidan lenge før fleecejakka vart oppfunnen.
Men på Vaagaasarøygard er ikkje dette tilfeldig.

Bjørn Ola Vaagaasarøygard, bak Ola på biletet, og kona Torø er svært godt nøgde med utviklinga i sauehaldet til sønen. Med elektronisk merking, nøyaktig veging og mange år med målretta avlsarbeid har familien bygd opp ein spælsauflokk som leverer fine lammevekter. Her blir ingenting gjort på slump. Dyra får både markkur og tett oppfølging før dei blir sleppte til fjells for sommaren, og bak resultata ligg det mykje kunnskap, erfaring, tolmod og arbeid frå fleire generasjonar på garden. Ola set også stor pris på den gode hjelpa frå kårfolket i den daglege drifta, der både erfaring, praktisk kunnskap og lange tradisjonar kjem godt med kvar einaste dag.
Godt stell året rundt er sjølvsagt ein viktig del av oppskrifta. For på garden er sauehaldet både jobb, hobby og livsstil – og litt meir enn det også. Det handlar ikkje berre om morgonfôring og ein liten titt bortom fjøsdøra om kvelden. Her er det «nerding» på høgt nivå frå januar til desember.

Hos Ola Vaagaasarøygard blir det ikkje overlate mykje til tilfeldigheita når det gjeld dyrevelferd. Frå fødeboksar under lamminga til jamlege tilsyn på sommarbeitet, behandling mot snyltarar og nøye oppfølging av fôr og næringstilskot, handlar alt om å gje dyra best mogleg vilkår. Målet er enkelt: Sauene skal ha det godt – både fysisk og mentalt. For når dyra trivst, trivst folk også.
I fjøset er det bygd praktiske og gjennomtenkte løysingar over heile lina. Lammebingane er utstyrte med lette grinder som er tilpassa stolpane i innreiinga, og vassniplar sørgjer for at kvar enkelt søye alltid har tilgang på friskt vatn utan behov for bøtter eller andre spesialløysingar. Sjølve fjøset er reist i lafta tømmer av fagfolk og planlagt ned til minste detalj. Her er det teke omsyn til både folk og fe, med luftige rom, smarte løysingar og minst mogleg av upraktiske hindringar og «snubletrådar». God ventilasjon, rein luft og eit sunt inneklima stod heilt øvst på prioriteringslista då fjøset vart bygd.
Når søyene og lamma kjem til fjells, får dei først gå eit døgn inne på stølsvollen. Der finn mor og barn roa og kvarandre att etter transporten, før dei trekkjer vidare ned i dei lune vårbeitene i liane høgt over Bøverdalen.
Sauehaldet i fjellbygdene mykje meir enn berre kjøtproduksjon. Når sauene beitar i utmarka, held dei kulturlandskapet ope, tek vare på gamle beiteområde og hindrar attgroing i fjell og dalar. Det skaper både arbeidsplassar, liv i bygdene og kortreist mat med låg belastning på miljøet. Utan beitedyr ville mykje av det opne og vakre fjellandskapet folk reiser langt for å oppleve, gro igjen på overraskande få år.
Men sjølv om både søyer og lam får mykje merksemd denne dagen, er det ein annan som kanskje fortener aller mest applaus.
Bordercollien.
Den topptrente firbeinte arbeidskameraten til Ola flyttar sauer med ei presisjon som får folk til å stå og måpe ved stølsgrinda.
– Om det er 100 eller 1000 mann, så klarer dei ikkje same jobben som hunden gjer når me arbeider saman, seier Ola med eit smil.
Så smett hunden lydlaust rundt flokken igjen, medan Ola vender nasa nedover mot våronn i dalen. For på ein gard som Vaagaasarøygard stoppar ikkje arbeidet sjølv om sauene er sleppte til fjells. Snart ventar både slått, vedlikehald og reingjeting utover sommaren.
Men akkurat denne dagen handlar mest om vår, grøne bakkar og lukka over å sleppe sauene fri etter ein lang vinter.

Og i Bøverdalen veit dei godt at ekte vår ikkje kjem med kalenderen.
Ho kjem med lyden av bjeller, ivrige lammesprett og ein bordercollie som tek jobben sin blodig alvorleg.

