Urbanusdagen i Ødegarden – ei hyggeleg helsing til Marit i Plassen.
Fredag 30. mai var det igjen klart for Urbanusdagen i Ødegarden i Etnedal. I strålande vårsol inviterte systrene Siri (biletet over) og Pernille Ødegård til marknadsdag med både historie, lokalmat, handverk og gode møte mellom folk.
Takk til @JVB, KIWI Farriseidet, Wangensten og Joker Ryfoss for annonsestøtte.
Foto: Mette Sebuødegården/Tunetbutikken Gerd og Jenny ( i Holdalsfoss)

Produsentar og handelsfolk frå store delar av Valdres fylte tunet med varer og aktivitet, medan vertinnene sjølve hadde rigga til kafé med det vesle ekstra.
På menyen stod mellom anna ein ekte Etnedals-lapskaus med handskore storfekjøt frå eigen gard. For mange vart nettopp den retten dagens kulinariske høgdepunkt.
Rundt på garden var det mykje å sjå for både store og små. Dei flotte gråfe-dyra til Siri fekk mykje merksemd. Gjennom målretta avlsarbeid har ho bygd opp ein stamme som har vekt interesse langt utanfor bygda.
Likevel var det kanskje geita som Odin fekk gå tur med, som stal aller flest smil denne dagen. Med stor personlegdom og endå større sjarm vart ho raskt ein publikumsfavoritt.
Hønene og påfuglen tok det heile med stor ro. Dei kakla, spankulerte og leita etter mat som om marknadsdagen var ein heilt vanleg fredag.
Men Urbanusdagen handlar om meir enn mat og dyr. Siri Ødegård fortel at namnet har røter langt tilbake i historia. Urbanusdagen er oppkalla etter pave Urban, og dagen er merkt på den gamle primstaven som ein viktig vårdag knytt til såing, vekst og liv på gardane.
I Øygarden fekk dagen ei ekstra lokal forankring gjennom ei kvinne som heitte Marit i Plassen. Etter at ho gjekk bort, vart det funne lappar der ho skreiv at det var «urbanus» på garden. I hennar språk tydde det at det var mykje folk, aktivitet og liv. Nettopp slik det var på Øygarden denne laurdagen.
For Siri vart dette ei historie som fortente å leve vidare.
Namnet Urbanus har ho teke med seg inn i eiga handverksverksemd og i produkta som blir selde i gardsbutikken. Etter kvart voks også ideen fram om å arrangere sjølve Urbanusdagen saman med syster Pernille.
Resultatet har blitt ein triveleg tradisjon som både tek vare på lokal historie og sender varme tankar tilbake til Marit i Plassen, kvinna som ein gong sette ord på korleis det kjennest når eit gardstun er fylt av folk, prat og glede.
Og om ein skal tru på gamle historier og litt bygderomantikk, så må Marit ha smilt frå sin plass høgt der oppe denne dagen. Med strålande sol, imponerande dugnadsinnsats, fullt tun og god stemning låg alt til rette for at Urbanusdagen også neste år vil samle folk i Ødegarden i Etnedal.







