Pressemelding frå ordførar Knut Arne Fjelltun i Nord Aurdal kommune:
Formannskapet i Nord Aurdal kommune har i møte 12. juni vedtake å gje Kulturprisen for 2026 til Helge Gudheim. Prisen tildeles Gudheim for sin formidling av tradisjon og kultur. Her er grunngjevinga for årets kulturprisvinnar.
Helge Gudheim (biletet over) har heile sitt vaksne liv vore ein formidlar av tradisjon og kultur.
Klikk på bildet og bli abonnent i dag
Gjennom nesten førti år som journalist i avisa «Valdres» har han laga mange seriar i avisa om byggeskikk, interiør, gamle gjenstandar og fotografi, lokale mattradisjonar, folkedrakter og dialekt. Ein av seriane gjekk over 14 år og handla om tradisjonsmaten i Valdres.
Gjennom dette arbeidet kom han i kontakt med mange informantar, noko som kom til nytte då han i 2005 starta arbeidet med boka «Kinning, bresting og YSTING I VALDRES sett i norsk og internasjonal samanheng». Boka kom ut i 2013, 541 sider med dokumentasjon av kunnskap som er i ferd med å falle bort. Her er stølsliv, budeier, interiør, gamle gjenstandar og dialekt krydderet i sjølve hovudretten.
«Mesterverk, praktverk, storverk og ystebibelen» er nemningar som er brukte i omtalen av boka. Helge har også laga sitt eige vesle ysteri heime hjå seg sjølv, der han held kurs for folk som vil lære å yste.
Helge er også ein god fotograf. I 2002 gav han ut boka «Interiør i Valdres», der han gjennom elleve interiør ynskte å syne fram korleis folk bur og ferierer i Valdres.
Interessa for fotografi resulterte i 2024 i endå ei bok, «I Knud Knudsens hjulspor gjennom Valdres». Med i boka er 280 gamle bilde frå Valdres, tekne av den fyrste landskapsfotografen i landet, Knud Knudsen frå Odda. Desse bilda har Helge «pussa opp» ved å fjerne riper og flekkar digitalt. Helge har i tillegg fotografert motiva om att, for å syne forskjellen til vår tid. Boka er ei kulturhistorisk reise gjennom Valdres.
Helge er også ein habil dansar. På slutten av 1970-talet var han medlem av folkedansgruppa «Fjellfolket» som m.a. deltok på festivalar i utlandet. Han har arbeidd med rekonstruering av dansen «bonde» og vore instruktør for folk som ville lære seg å danse denne dansen.
Ei av dei største interessene til Helge har vore drakt-tradisjonane frå 1700- og 1800-talet i Valdres. Som leiar av Valdres bunadnemnd frå 1983-1987 var han ein av dei fyrste som ivra for å få fram att dei gamle rutastakkane i original form, sjølvsagt sydde i stoff av heilull. Handvove heilull vart etterkvart tilgjengeleg, og mange ukjende rutastoff kom fram frå gløymselen. Interessa tok seg opp og tradisjonen synte seg å vera rikare enn nokon kunne trudd. I etterkant av denne bølgja kom interessa for endå eldre folkedrakter. Helge har arbeidd mykje med rekonstruksjon av desse og alt det som høyrer til, slik som belte, hattar, silketørkle og sylv. Og – han både vev og syr, og har sjølv fire ulike folkedrakter.
Dei siste åra har Helge vore medlem og styremedlem i Norsk folkedraktforum. Denne organisasjonen vart stifta i 1995, og arbeider med forskning og dokumentasjon av folkeleg draktskikk, utvikling og produksjon av folkedrakter på grunnlag av historisk kjeldemateriale.
I 2021 starta han facebooksida «Bunader i Valdres». Denne driv han sjølv, og har hatt eitt innlegg kvar veke. Alltid noko nytt (les: gamalt) og interessant. For dei som fylgjer denne sida er det mykje lærdom å hente. I dag har sida 3500 medlemmer.
I 2024 vart «Bunadbruk i Norge, tradisjonshandverk og sosial praksis» stemt inn på UNESCO si liste over immateriell kulturarv. Tradisjonell stølsdrift kom også inn på den same lista. Utan slike ressurspersonar som Helge Gudheim og hans like hadde kanskje ikkje noko av dette vorte ein realitet.
Denne pressemeldinga er publisert med støtte frå annonsørane Vyrk, Bakke Maskinservice og JVB Reise. Takk for at de bidreg til at lokale historier, kulturminne og menneskemøte framleis kan delast med lesarane våre.

