Slottet opnar dørene.

Slottet opnar dørene.
Sølvbryllaup, silketyll og eit rom dei færraste har sett.

Frå 20. juni opnar Slottet dørene for publikum. I år er det sølvbryllaupet til kronprinsparet som står i sentrum, og Langsvegen.no fekk torsdag 18. juni vere med på pressevisinga.

Det er ikkje kvar dag ein får rusle rundt i dei offisielle romma på Slottet utan å måtte ha korkje krone, ordensband eller ei invitasjon frå Kongen. Men torsdag føremiddag var Langsvegen.no mellom dei inviterte då Det kongelege hoffet viste fram årets sommaromvising. HKH Harald var ikkje med på omvisninga, men hilste fint til pressefolket då han svinga inn i dne lukkede Slottsgården.

Og ja – det er verkeleg vel verdt å bestille billett til omvisinga i sommar om du har tid, lyst og høve. Det er rett og slett eventyrleg fint der og ei stor oppleving å få vere gjest i dei historiske omgjevnadene. Billettar her.

Tilbake til den store dagen i 2001

Den 25. august er det 25 år sidan kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit gav kvarandre sitt ja i Oslo domkyrkje. Difor er årets tema vigd til sølvbryllaupet.

Publikum får sjå den originale brudekjolen, kronprinsen sin gallauniform og ei gjenskaping av bryllaupsmiddagen slik han såg ut den augustdagen i 2001. Borddekkinga er rekonstruert, blomane står på plass, og når publikumsløypa opnar 20. juni, vil også den imponerande bryllaupskaka vere på plass.

Det er nesten så ein ventar at gjestene skal kome inn døra kvart augeblikk.

Brudekjolen, designa av Ove Harder Finseth, er eit syn i seg sjølv. Med 125 meter silketyll, seks meter langt slør og eit slep på to meter er det liten tvil om at det var litt meir stoff med i biletet enn på ein vanleg laurdagskjole frå Fagernes.

Den originale sabelen kronprins Haakon brukte då han skar bryllaupskaka, er òg på plass saman med gallauniformen han bar som major.

For blomsterinteresserte er det ekstra artig å vite at kronprinsesse Mette-Marit var sterkt medverkande då den spesielle brudebuketten hennar vart utforma til bryllaupet med kronprins Haakon i 2001. Den lange, kaskadeforma buketten fekk namnet «Brudeløparen» og var sett saman av mellom anna vandaorkidéar, hortensia, roser i rosa og lilla tonar, hjarteranke, bjørnegras og dekorative detaljar med perler og metalltråd. Sjølve buketten er ikkje bevart, men på sølvbryllaupsutstillinga på Slottet kan publikum sjå ei vakker nytolking laga etter dei originale teikningane og opplysningane frå den store dagen.

Fyrste gong publikum får sjå «Røkeværelset»

Årets kanskje største nyheit er at det såkalla «Røkeværelset» blir opna for publikum for aller fyrste gong.

Rommet fungerer til dagleg som forværelse til kronprinsen sitt kontor og er vanlegvis stengt for besøkande og det er kronprinsen sin adjutant som har kontorpulten sin her. Her kunne herrane i gamle dagar trekkje seg tilbake etter middagen, ta seg ein røyk, skrøne og ljuge litt – og kanskje spele eit slag bridge.

I dag er røyken borte, men historia sit framleis godt i veggane.

Rommet er rikt utsmykka med nasjonalromantiske motiv, og mellom kunstskattane finn ein fleire av Adolph Tidemand sine kjende måleri, mellom anna «En søndag eftermiddag i en hardangersk røkstue», «Eventyrfortellersken» og «Bestemors brudekrone».

Engasjert kunsthistorikar

Det var kunsthistorikar Sandra Lorentzen (biletet over), fagansvarleg for kuratering og formidling ved Det kongelege hoffet, som guida pressa gjennom romma.

Med stor innleving, smittande entusiasme og imponerande detaljkunnskap fortalde ho om Slottet si historie, kunstverka og dei mange gjenstandane knytte til kronprinsparet sitt bryllaup.

Det var tydeleg at dette er meir enn møblar, sølvbestikk og gamle måleri. Historiene bak gjenstandane gjer omvisinga levande, og Sandra Lorentzen formidla dei på ein måte som fekk både journalistar og fotografar til å lytte merksamt.

Heime hos Kongen og Dronninga

Frå 20. juni til 16. august kan alle som ønskjer det, vere med på guida omvisingar på Slottet.

Det er litt spesielt å tenkje på at ein i nokre timar får vere gjest heime hos Kongen og Dronninga – rett nok i den offisielle delen av bustaden (til høgre på biletet over)

Og skulle ein bli litt imponert undervegs, er det heilt i orden. Det er trass alt ikkje kvar dag ein ruslar gjennom kongelege spisesalar, ser eit seks meter langt brudeslør eller vitjar eit rom som fram til no stort sett berre har vore kjent av kongefamilien og deira næraste medarbeidarar.

Historie, kunst og eit lite glimt inn i kvardagen til kongefamilien gjer sommarens slottsbesøk til noko langt meir enn ei vanleg sightseeingrunde.

 

 

 

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

5 × 5 =