Ridetur på geit er ikkje noko folk flest driv med. Men det finst unntak, og alle overskrifter skal heller ikkje lesast bokstaveleg. I Ranheimsbygda ved Fagernes har ein nemleg eit gamalt uttrykk om at «dei kvite geitene er på Strøndafjorden». Det betyr ikkje at geitene har lært seg å symje, men at vinden frisknar til og kvite skumtoppar dansar over fjorden.
Klikk her, eller på biletet, dersom du ønskjer å bidra med eit abonnement før du les vidare: 
Takk til Bilbadeland Fagernes og Leira, Sporten Beitostølen ,Kampenes Begravelsesbyrå og Fossen Camping Fagernes for annonsestøtte
Det passa eigentleg ganske bra denne helga, då DNT Valdres med Torkjell Haugen i spissen inviterte medlemmene til kajakkurs. Instruktørane Ellen Persvold og Per Morten Hareide frå Facebookgruppa «Valdres Kajakk» tok hand om dei ferske padlarane og sørgde for at alle kom seg gjennom to dagar med utfordringar, læring og ein og annan frivillig eller ufrivillig dukkert.
Biletet overfrå venstre: Morten Paulsen, Dominik Schwører, Olaus Ulven, Solveig Ødegård Wiklund, Per Morten HAreide, Ellen Persvold, Thomas Koch, Maria Thon Steinset, Torkjell Haugen og Oskar Wiklund. Fotograf Roy Myrland var også ein av dei som fekk kajakkforbundet sitt våtkort «Grunnkurs Hav» etter helgas kurs på Fagernes.

Biletet over frå venstre: Torkjell Haugen, Leiar DNT Valdres. Ellen Persvold og Per Morten Hareide frå Valdres Kajakk.
Turen til Leirsand, kryssinga av Strøndafjorden og «geiterittet» nordover mot Fagernes sette standarden. Dette var på ingen måte ein badetur. Her vart det øvd på å padle framover, bakover og sidelengs, og åra vart brukt til langt meir enn berre å flytte kajakken frå A til B. Eigenredning og kameratredning vart også øvd på fleire gonger, slik at deltakarane fekk kjenne både vatn og meistring på kroppen.
Per Morten er ein særs erfaren padlar og har nærast vore innom det som finst av vatn, fjordar og kulpar i Valdres og Jotunheimen. Han la stor vekt på å vise flest mogleg teknikkar, men minna også elevane om at resten av jobben må dei gjere sjølve.
Ellen Persvold brenn for at fleire skal få oppleve gleda ved å padle trygt og få sjå Valdresnaturen frå ein vinkel ikkje så mange får oppleve. Og DNT Valdres, med Torkjell som ein viktig pådrivar, arbeider året rundt med samfunnsansvaret sitt gjennom å gjere friluftslivet tilgjengeleg for fleire og inspirere til sporlause opplevingar i naturen.
Då sola på årets lengste dag byrja å sige ned mot Rasletinden søndag kveld, kunne dei slitne, våte og smilande deltakarane endeleg få det etterlengta beviset på innsatsen: Kajakkforbundet sitt våttkort. Ellen Persvold delte ut korta med ei klar oppmoding om å ta vare på naturen, respektere allemannsretten – og gjerne ri på dei kvite geitene att, så lenge det skjer i kajakk.
Fotoserie: Per Morten Hareide



































