Langs vegen er livet

For dei fleste handlar slike treff om langt meir enn motorsyklar. Det handlar om vennskap, gode samtalar, nye opplevingar og dei små augeblikka som berre oppstår når ein er på tur saman.
Spør du dei tre gode kompisane Leif Wathne Hall, Randulf Fjermose og Jan Eivind Tønnes, kjem svaret utan å nøle. Dei er samde om at dei beste opplevingane sjeldan ventar ved endestasjonen – dei finn du langs vegen.
– Langs vegen er livet, seier dei med eit smil.
Det er der kvardagens små bekymringar forsvinn i bakspegelen, kaffikoppen smakar litt betre, isen på Fagernes er ekstra god, og latteren sit laust ved kvart stopp. Akkurat slik ein ekte norsk motorsykkelsommar skal vere.
Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

