Ny bussrute! -Fra Fagernes til Ålesund.

Ny bussrute! -Fra Fagernes til Ålesund.

Det er først og fremst utanlandske turistar som fyller setene på den lange turen gjennom noko av den flottaste naturen Noreg har å by på.

– Denne ruta er svært populær blant turistar som ønskjer å oppleve både høgfjell, fjordar og små bygder på éin og same dag. Vi ser at mange vel bussen nettopp fordi dei kan nyte utsikta utan å tenkje på køyringa, fortel transportsjef Kim-André Støen Eide i Vy.

Eit av høgdepunkta er stoppet i Geiranger. Der får passasjerane om lag 45 minutt til å strekke på beina, ta bilete eller kjøpe seg ein is før turen går vidare mot jugendbyen Ålesund.

– Det er moro å køyre denne strekninga. Mange av passasjerane sit nesten med nasen klistra til vindauget når vi kjem opp på Valdresflye eller køyrer ned Ørnevegen. Ein ser fort at dette er opplevingar dei kjem til å hugse lenge, seier Jon Grønbrek med eit smil.

Ruta går berre éin gong kvar veg dagleg, men rekk likevel innom fleire av dei mest kjende turistmåla mellom Austlandet og Vestlandet. Frå det opne fjellandskapet på Valdresflye via Lom og vidare ned dei krappe svingane i Ørnevegen til Geirangerfjorden, før turen endar ved sjøen i Ålesund.

For oss som bur langs ruta er det lett å bli litt «heimblinde». Men når ein ser kor ivrige turistane er etter å fotografere utsikta gjennom bussvindauget, blir ein mint om at strekninga mellom Fagernes og Ålesund faktisk er ei av dei vakraste reisene ein kan gjere på norske vegar.

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

2 × 3 =