-Katrine Håkegård blei noregsmeister med langorven i klassen kvinner senior sist helg. Konkurransen var i Hjartdal i Telemark.
Men først litt meir og den ferske noregsmeisteren: -Ho er oppvaksen i Skien og kom til Vågå for å utdanne seg til hovslagar. Tolv–tretten år seinare har Katrine Håkegård (biletet over) blitt ekte fjelljente, grønsaksdyrkar, hestemenneske, jobbar på fjellstove – og fersk noregsmeister i slått med langorv.
Takk til annonsørane Byggmester Ranheim, Grobakken Landmek, Bakke Maskinservice og Stvedalen Fjellpark som gjer denne artikkelen mogleg.
På den populære fjellstova Bessheim i Sjodalen er det sjeldan tid til å sitje stille. Her er det alltid noko som skal gjerast – enten det er matlaging, rydding, vedlikehald, servering eller å ta imot gjester som har gått Besseggen eller utforska Jotunheimen. Midt i dette finn vi Katrine Håkegård frå Randsverk, ei dame som trivst aller best når dagane er varierte.
Det er kanskje ikkje så mange som veit at ho eigentleg kjem frå Skien. For rundt 12–13 år sidan flytta ho til Vågå for å utdanne seg til hovslagar. Deler av læretida hadde ho både på Klones og hos HestOgHov. Sidan den gongen har fjellbygda blitt heimen hennar.
– Eg trivst veldig godt her. Det er flotte folk, fine dyr og eit liv tett på naturen som passar meg perfekt, fortel ho.
Sjølv om jobben på Bessheim tek mykje av tida, finn ho framleis tid til å sko hestar rundt om i Gudbrandsdalen når høvet byr seg.
Den siste bragda hennar handlar derimot om noko heilt anna enn hestesko.
Under årets Slåttefestival i Hjartdal gjekk Katrine heilt til topps i seniorklassen for kvinner med langorv og kunne reise heim som noregsmeister i slått med ljå. Resultatlista viser henne øvst på pallen etter ei imponerande gjennomføring.
Det mest spesielle er kanskje at ho er sjølvlært.
– Det viktigaste er å la ljåen gå lågt og skjere graset jamt. Mange freistar å løfte ljåen høgt for å få meir fart, men då mistar ein både flyt og presisjon. Eg prøver heller å bruke kroppen, rotere overkroppen og la heile rørsla styre ljåen, fortel den ferske noregsmeisteren til Langsvegen.no.
Den teknikken gav full utteljing på slåttevollen i Telemark.
Men arbeidslysta stoppar ikkje der.
På rundt 750 meters høgd over havet dyrkar Katrine grønsaker med stor entusiasme. Ho smiler når ho omtalar seg sjølv som ein slags «farmer light».
– Eg er sjølvberga med grønsaker store delar av året. Ein del av det eg dyrkar brukar vi òg her på Bessheim. No i vår har det særleg vore salaten som har trivst godt i dei lyse høgfjellsnettene, og den har hamna rett på tallerkenane til gjestene våre, fortel ho.
Som om ikkje det var nok, har ho òg ein liten flokk høner som held henne med selskap.
– Dei er av litt ubestemmeleg rase, men dei legg utruleg fine og fargerike egg. Eg pratar nok litt med dei òg, ler ho.
Samtalen vår blir avslutta ved kjøkkenbenken på Bessheim. Framfor henne ventar dagens fangst av fjellørret som skal reinsast og gjerast klar til kveldens svoltne gjester. Livet som noregsmeister har med andre ord ikkje ført til kviledagar.
For Katrine Håkegård handlar kvardagen framleis om det same som før: å bruke hendene, ta vare på dyr og natur – og gjere ein skikkeleg jobb, enten reiskapen er hovrasp, spade eller langorv.

