Eit lite stykke campinglykke ved Fagernes

Eit lite stykke campinglykke ved Fagernes

Berre nokre minutt nord for Fagernes ligg Fossen Camping. Her langs fv. 51 er det god plass, reint servicebygg, nyklipte plenar og ei vertskap som får gjestene til å kjenne seg heime – år etter år.

Biletet over: Guro Fossen Schlytter (til høgre) og Kari Fossen held Fossen Camping i topp stand. Med nyklipte plenar, reine servicebygg og eit smil på lur ønskjer dei både nye og gamle gjester velkomne til campingplassen ved Holdalsfossen.

Det er ikkje storleiken som gjer Fossen Camping spesiell, men stemninga. Like ved Holdalsfossen har campingplassen teke imot feriegjester sidan 1960-talet.

Takk til Trio Elektro, Fagernes. NErstad-Tuft Transport, Valdrestømmer, Abrahamsen Kjøttforretning, Larvik og Stavedalen Park i Reinli for annonsestøtte til denne artikkelen.

– Vi har familiar som no er inne i tredje generasjon hos oss. Det er den beste tilbakemeldinga vi kan få, seier dagleg leiar Guro Fossen Schlytter.

Ho og mor Kari Fossen sørgjer for at alt frå servicebygg og plenar til fiskeplassar og uteområde er velstelte. Samstundes deler Kari gjerne sine beste tips om turar og opplevingar i Valdres.

Store bubilar er heller inga utfordring.

– Mange kjem hit etter å ha opplevd det trongt andre stader. Her har vi god plass, så dei fleste kjem seg både inn og ut utan problem, seier Guro.

Campingplassen passar like godt for bubilar, campingvogner og telt som for motorsyklistar. Hundeeigarar har eige treningsområde like ved, sportsfiskarar finn gode fiskeplassar i elva, og fjellfolk har kort veg til Jotunheimen, Beitostølen, Vaset, Hemsedalsfjella og Golsfjellet.

Det som får gjestene til å kome att, er likevel ofte dei små tinga: eit reint servicebygg, ei velstelt campingplass og ein hyggeleg prat med vertskapet. Det er slike detaljar som gjer at mange vel Fossen Camping om att – år etter år.

Eit smilande vertskap, fem arbeidsame og serviceinnstilte sommarhjelparar i alderen 13–16 år, god plass og ekte valdresgjestfridom skapar ferieminne for fleire generasjonar .

Nokre campingplassar måler seg i talet på plassar. På Fossen Camping ved Fagernes måler dei heller suksessen i kor mange gjester som kjem tilbake – år etter år.
Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

10 + 1 =