Med stø kurs mot draumejobben til sjøs

Med stø kurs mot draumejobben til sjøs
Sommarsola glitrar over Stavern hamn, og om bord i M/B Fjord Express møter mange av passasjerane eit varmt smil frå 18 år gamle Maia Konstanse Bredesen (biletet over).

Takk til Gjendebåtene, VYRK, JVB (Jotunheimen og Valdresruten Bilselskap), MENY Stavern og KIWI Farriseidet for verdifull annonsestøtte til denne artikkelen.

Sommerjobben mellom Stavern og Svenner fyr er meir enn ein jobb – han er første etappe på reisa mot eit liv på havet.

Den blide stavernspika har fått sin aller første jobb til sjøs, og denne sommaren ønskjer ho passasjerane velkomne om bord i M/B Fjord Express på turane mellom Stavern og Svenner fyr.

Oppvaksen med havet som leikeplass

For Maia har sjøen alltid vore ein naturleg del av livet. Ho voks opp med skjergarden like utanfor stovedøra, og interessa for båtliv og sjøfart kom tidleg.
Historiene frå oldefaren, som mellom anna segla med MS Stavangerfjord fram og tilbake over Atlanteren, og forteljingar frå andre sjøfolk i familien har berre styrkt ønsket om å følgje same kurs.

Valde skuleskip framfor vanleg skulekvardag


Etter VG1 i Larvik valde Maia ei utdanning som få av jamaldringane tek. På skuleskipet M/S Lofoten i Kristiansand kombinerte ho teori med vakter, øvingar og praktisk arbeid om bord.
Erfaringane har gitt både sjøbein, tryggleik og motivasjon til å satse vidare innan sjøfart.


Læretid i Color Line ventar
Allereie i august tek ho fatt på eit nytt kapittel når læretida som matros startar om bord i Color Line Hybrid mellom Sandefjord og Strömstad.
Målet er tydeleg: Først fagbrev – deretter vidare utdanning. Ein dag håpar ho å stå på styrmannsbrua med ansvaret for både kurs og mannskap.
Lærer av skipper Nils Helge Stokkenes Agasøster
Denne sommaren er det skipper Nils Helge Stokkenes Agasøster (til høgre på biletet over)  som har ansvaret om bord på M/B Fjord Express. For Maia betyr samarbeidet mykje.


– Eg set stor pris på å få jobbe saman med kaptein Nils Helge. Det er både lærerikt og triveleg, og eg lærer noko nytt nesten kvar dag, seier ho.

Ei oppleving frå første minutt
For dei mange tusen som besøker Stavern kvar sommar, er båtturen til Svenner fyr mykje meir enn transport. Turen gjennom skjergarden er ei oppleving i seg sjølv, enten målet er bading, overnatting på fyret eller ein dag på dei glattslipte svaberga. Rutebåten går fleire gonger dagleg i sommarsesongen.

Vil du vere med på tur, kan du bestille billettar her: visitvestfold.com⁠
Om nokre år er det kanskje Maia sjølv som ønskjer passasjerane velkomne frå styrmannsbrua. Enn så lenge møter ho dei på dekk – med den same varme dialekta og det same gode smilet som har blitt ein del av sommaropplevinga i Stavern.

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

18 − three =