Mange finn den største smaksopplevinga i grautkjelen på Bessheim (Oppskrifta finn du nedst i artikkelen.)

Mange finn den største smaksopplevinga i grautkjelen på Bessheim (Oppskrifta finn du nedst i artikkelen.)

Kvar sommar strøymer titusenvis av turistar til Besseggen, Gjende og Sjodalen for å oppleve den storslåtte naturen. For stadig fleire blir også eit besøk på Bessheim Fjellstue eit naturleg høgdepunkt, der lokale råvarer og ekte fjellsmakar står øvst på menyen.

Takk til Valdresskigard, Gjendebåtane, JVB og Abrahamsen Kjøttforretning i Larvik for verdifull annonsestøtte til denne artikkelen.

På kjøkkenet på Bessheim er det Bjørn Ekerbakke som saman med handplukka dyktige kollegaer foredlar noko av det finaste fjellet har å by på. Reinsdyr frå Vågå Tamreinlag, fjellørret frå Gjende, Sjodalsvatnet og Tesse, saman med bær, sopp og vilt frå nærområdet, blir til måltid som mange meiner er vel så minneverdige som turen over Besseggen.

– Eg voks opp i Valdres, men kjærleiken førte meg over fjellet til Bessheim. Det har eg aldri angra på, seier Bjørn til Langsveien.no.

I regionen har mattradisjonane lange røter, og kokkar som Arne Brimi har vore viktige inspiratorar for både lærlingar og etablerte fagfolk. På Bessheim blir den stolte arven ført vidare med stor respekt for råvarene og fjellnaturen.

Éin tradisjon frå barndomen i Øystre Slidre har Bjørn likevel halde ekstra godt fast ved.

– Ja, vi har litt sukker i rømmegrauten. Mange synest det høyrest uvant ut, men dei fleste blir overtydde når dei får smake. Heime hos oss vart rømmegrauten ofte servert på kakebordet i bryllaup og store festar. Då fekk han litt ekstra høgtid over seg, fortel han.

Samtalen må ta ein liten pause når eit fat med eigenrøykt Gjende-ørret frå Bessheim sitt eige røykeri skal sendast ut til ventande gjester. Bjørn legg siste hand på serveringa, kastar eit blikk mot matsalen og smiler.

– Folk kjem hit for fjella. Eg håpar dei reiser heim att med smaken av Jotunheimen som eitt av dei aller beste ferieminna.

Oppskrift på rømmegraut frå Bjørn Ekerbakke på Bessheim Fjellstue:

Ingrediensar

  • 5 liter seterrømme
  • 650 g kveitemjøl
  • 450 g sukker
  • 2 ss salt
  • 1 liter kremfløyte
  • 2 liter heilmjølk

Slik gjer du

  1. Kok opp seterrømma og lat henne småkoke i om lag 15 minutt.
  2. Sikt kveitemjølet jamt over den kokande rømma. Rør minst mogleg til grauten byrjar å «sprekke», slik at smøret skil seg ut.
  3. Ta av det overflødige feittet som legg seg på toppen. Dette kan serverast saman med grauten eller nyttast til annan matlaging.
  4. Varm opp heilmjølka og kremfløyta, og spe grauten litt etter litt til han får ein mjuk og passe tjukk konsistens.
  5. Rør inn sukker og salt til slutt, og smak til.
Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

seventeen − sixteen =