Valdres har fått si eiga SoMe-dronning.

Valdres har fått si eiga SoMe-dronning.

Gunn Heggelund sprer smil til tusenvis – stor valdressuksess i sosiale medium

Snapchat, Instagram, TikTok og

Facebook.

Takk til Trio Elektro⁠� på Fagernes, KIWI Farriseidet⁠�, VIGAS AS (Valdres Industrigulv)⁠� og Øie Trafikkskole⁠� for verdifull annonsestøtte til denne artikkelen.

På bare et par år har Gunn Heggelund frå Vestringsbygda bygd opp eit stort publikum på fleire sosiale plattformer. Langsvegen.no fekk vere med då ho spelte inn nytt innhald i «Tunet Butikken, Gerd og Jenny» ved Holdalsfoss i Skrautvål.

Bak mobilkameraet finn vi verken store produksjonar eller innøvde roller. Det er kvardagen, humoren og den gode stemninga som har gjort Gunn Heggelund til eit kjent namn for titusenvis av følgjarar. Hemmelegheita er enkel – ho prøver ikkje å vere nokon annan enn seg sjølv.

Ekte, folkeleg og heilt seg sjølv
Det er lett å forstå kvifor så mange stoppar opp når Gunn Heggelund legg ut ein ny video. Innhaldet hennar er jordnært, uhøgtideleg og fullt av små glimt frå kvardagen som mange kjenner seg att i.

 

Mellom kaffikoppar og latter gjekk praten om korleis idéane blir til, kvifor ho likar å lage videoar og kva som motiverer henne til å halde fram.
Det som slår ein aller mest, er at kamera ikkje ser ut til å forandre Gunn. Den same humoren, den same varme væremåten og den same positive innstillinga møter både kundar, vener og følgjarar,
frå Valdres til skjermar over heile landet.

På kort tid har videoane hennar samla millionar av visningar, og følgjartala veks jamt. Ho har vist at ein slett ikkje treng storbyadresse eller profesjonelt TV-studio for å nå ut til eit stort publikum.
Det er kvardagsliv, små prosjekt, humor, sminke, klær, hage, mat og spontane innfall som fyller kanalane hennar. Alt presentert på ein måte som kjennest ekte.

– Eg ønskjer først og fremst å gi folk noko å smile av, fortel ho.
Ei overraskande oppleving
At stadig fleire kjenner att ansiktet hennar, fekk ho verkeleg merke under ein festival tidlegare i sommar.
– Det kom eigentleg litt overraskande. Plutseleg ville folk ta bilete saman med meg. Det var veldig hyggeleg og litt uvant, seier ho med eit beskjedent smil.

Sjølv tek ho merksemda med stor ro og verkar langt meir oppteken av å lage godt innhald enn å vere kjend.

Valdres på sitt beste
Gunn er ein flott ambassadør for Valdres. Ho viser at det enkle ofte er det beste, og at positivitet framleis har stor verdi i ei tid der mykje på sosiale medium handlar om perfeksjon.
Gjennom videoane sine minner ho oss om at det går an å skape engasjement med humor, varme og eit glimt i auget – utan å spele ei rolle.

 

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

nineteen + 16 =