– Arnfinn Helge Kvam (biletet over) lever dobbeltliv på landevegen.
Om dagen styrer han ein bank med milliardar i forvaltningskapital og rundt 33 tilsette. Når ferie eller avspassering skal tas ut, byter Arnfinn Helge Kvam ut dress og møterom med lastebil, diesel og smale vestlandsvegar.
Ei stor takk til Joker Ryfoss, Fjelltun Sandtak & Transport, Byggteknikker Bertelrud og Stavedalen Park. Dei er med og gjer det mogleg for Langsvegen.no å fortelje historiene om folk, bedrifter og opplevingar i Valdres. Når du har høve, håpar vi du også vel å støtte dei som støttar oss.
– Det er ein gammal draum frå eg var smågut, smiler banksjefen i Valdres Sparebank.
Bakgrunnen hans er alt anna enn tilfeldig. Bestefaren dreiv Slidre Bruk saman med ein annan, dei distribuerte varer rundt i Valdres og indre Sogn. Der fekk unge Arnfinn Helge vere med å pakke, laste – og ikkje minst beundre dei store lastebilane som rulla ut og inn.
– Det var noko heilt eige med dei bilane. Store, sterke og viktige. Eg vart tidleg fascinert, fortel han.
Draumen levde vidare, sjølv om livet tok ein annan retning. Etter utdanning ved BI og Norges Markedshøyskole gjekk det rett frå eksamen til lastebilsete.
– Eg trur det var mandagen etter siste eksamen, ler han. Då var eg ute og køyrde.
Ei periode bak rattet vart etterfølgt av jobb i Oslo som seljar, der valdresdialekta viste seg å vere ein fordel.
– Eg trur dialekta opna mange dører. Det vart gode resultat og mange gode minne.
Men Valdres drog. Og interessa for bil førte han til Bilsenteret Valdres (seinare Valdresbil), der han fekk jobbe som bilseljar og med markedsføringa, med stor fridom.
– Kjell Arne Berntsen gav meg tillit og unnskapen og erfaringane eg fekk av han, saman med arbeidsmoralen og kundepleie bestefar og far min lærte meg, har eg hatt med meg gjennom heile yrkeslivet, seier Arnfinn Helge Kvam.
Frå bil til bank – men ikkje heilt
Det var Arne Wangensteen som lokka han over i bankverda. Det valet har han ikkje angra på.

– No har det blitt over 20 år i finans, seier han.
Men eitt krav låg i botnen då han byrja:
– Eg fekk skrive inn i kontrakten at eg kunne køyre lastebil i fritida. Det betydde mykje.
Og det held han fram med den dag i dag.
Når dei fleste tek langhelg, set Kvam seg bak rattet for Lerum Transport og køyrer for Lerum-systemet på kryss og tvers i Sør-Noreg – frå Kaupanger til blant anna Oslo, Bergen, Sørlandet og heilt opp til Trondheim.
– Det blir mykje Volvo og Scania, og eg storkosar meg, seier han med eit smil.
Det har vorte ni år med bilar i Lerum-systemet. Her har eg trivdes godt, alltid ryddige bileigarar, hyggelige sjåførkolleger, flinke befraktarar og folk på lageret.
– Ei heilt eiga ro bak rattet
For banksjefen er ikkje dette berre ein hobby – det er ei viktig avkopling.
– Lastebilkøyringa gir ei ro eg ikkje finn andre stader. Det er noko med flyten, planlegginga, landskapet og ansvaret.
Samtidig gir det perspektiv.
– Eg får oppleve plassar eg aldri elles ville besøkt. Innerst i ein fjord eller ytst på eit nes – og overalt fungerer samfunnet. Det gir respekt for det som er bygd opp gjennom generasjonar.
Han legg ikkje skjul på at det også er litt viktig å kunne kjenne på at man ikke er den som leder.
– Men ein representerer jo både transportør og varer. Det er eit ansvar det òg, både «langsvegen» og overfor kundane.
– Landevegens heltar fortener betre vilkår
Med erfaring frå begge sider har han også klare meiningar.
– Det blir færre og færre raste- og kvileplassar. Det gjer kvardagen vanskelegare for sjåførane, spesielt med tanke på kviletidsreglar.
Han peikar også på vinteren:
– Brøyting av slike plassar er ofte for dårleg. Det burde vere høgare prioritert. I tillegg stenges mange av toalettfasiliteter om vinteren.
For han er bodskapen tydeleg:
– Lastebilane er blodomløpet i samfunnet. Dei fleste varer er på veg i det dei blir bestilt.
Bank i vekst – også i Oslo
Til dagleg leier han Valdres Sparebank, som vart til etter fusjonen mellom Vang og Vestre Slidre sparebankar for 10 år sida. Banken har hatt ei solid utvikling dei siste åra.
– Vi har no passert 3,8 milliardar i forretningskapital. Det er ei utvikling vi er stolte av. Resultata kjem av godt lagarbeid og engasjerte medarbeidere.
Satsinga i Oslo, på Carl Berners plass, gir også resultat.
– Det bidreg til å styrke banken – også her heime i Valdres.
Fem år fram i tid?
Når spørsmålet kjem, kjem svaret utan store overskrifter.
– Eg jagar ikkje titlar. Det viktigaste er å bidra til utvikling, arbeidsplassar og busetnad i Valdres.
Men eitt håp er klinkande klart:
– Eg håpar eg framleis sit bak rattet på ein lastebil innimellom.
For sjølv om han styrer milliarder og leier ein bank i vekst, er det framleis noko heilt spesielt med å legge ut på tur med 50 tonn på slep og kurs over fjellet.
– Den kjensla slepp eg aldri heilt, smiler Arnfinn Helge Kvam som akkurat har avslutta ei veke «lastebilferie», men som håpar at det blir eit par ovale frihelger i augsut han kan bruke langs vegen.

