For 15. året på rad ønskjer Trond Rogne velkomen til Trollrock på Beitostølen. Festivalen har vakse seg stor, men éin ting har ikkje endra seg: Det er dei frivillige som er sjølve hjartet i arrangementet.
Ei stor takk til Nesjar A/S, SPAR Beitostølen, Visit Gjende og Fjellvang Transport for verdifull annonsestøtte til denne artikkelen. Dei er med og gjer det mogleg for Langsveien.no å fortelje historiene om menneska, bedriftene og opplevingane i Valdres. Når du har høve, håpar vi du også vel å støtte dei som støttar oss.
«Trollrockfamilien» er i sving lenge før den første gitartonen kling frå scena. Dei riggar, byggjer, ber, skrur, ryddar og ordnar – og når dei tre festivaldagane er over, tek dei fatt på oppryddinga med same gode humøret.
Ei av dei største nyheitene i år er den nye festivalcampen på området som tidlegare var avsperra ved skiskyttarstadion.
– Vi har leigd ut alle lavvoane vi hadde å by på, men det er framleis ledige teltplassar for dei som vil vakne midt i festivalstemninga, fortel Trond Rogne.
Sjølv har festivalsjefen for lengst bytt ut kontorstolen med riva. I lag med resten av dugnadsgjengen går det unna med både slått og samanraking av høy, slik at festivalcampen blir klar til å ta imot årets «uteliggjarar».
Og arbeidslysta ser ut til å gå i arv. Sonen Sigmund tek sin del av taket og raker saman høy på det nyslåtte området som snart blir heim for telt, soveposar og festivalminne.
Skal ein tru innsatsen til slåttekarad’n og resten av Trollrockfamilien, ligg alt til rette for ei jubileumshelg der både artistar og publikum kan trivast. Meir informasjon om program, camping og billettar finn du på Trollrock si heimeside.

