-Heilmaks

-Heilmaks

Frode Hermanrud (biletet over) har berre lovord å koma med om Trollrock. Han er kjend som mangeårig kulturjournalist i Oppland Arbeiderblad, men denne gongen hadde han fått eit anna oppdrag.

Ei stor takk til Trollrock, Sporten Beitostølen, Trio Elektro AS, Lodge 900 Beitostølen, Peppes Pizza Beitostølen, Arves Vaktmesterservice og Visit Gjende – Besseggen for verdifull annonsestøtte. De gjer det mogleg for Langsveien.no å vere til stades og formidle dei gode historiene frå Trollrock. Når du har høve, håpar vi du også vel å støtte dei som støttar lokal og uavhengig journalistikk.

-Det byrja med at vi skulle spela til eit julebord, fortel Hermanrud som torsdag kveld  hadde fått plass bak trommene i bandet til Vallerzina.

Vazelina på vallers

Bak den noko kryptiske tittelen gøymer det seg velkjende namn som både Marit Warberg Vestheim og Vazelina Bilopphøggers.

Ideen har vore å ta godt kjende Vazelina-låtar og kle dei opp til eit moderne lydbilete – på valdresmål. Gode gamle slagerar som var å høyre frå scena torsdag kveld, var mellom anna  «Gamle valdresfjell», «Radarn i Odal» og «Feil side ta Mjøsa».

-Full pott  

Hermanrud set stor pris på mottakinga dei fekk.

– Når du høyrer allsongen på dei første låtane, veit du at du har truffe litt. Publikum her står ikkje med ryggen til og skravlar, konkluderer han.

Hermanrud opptredde saman med Marit Warberg Vestheim (vokalist), Vidar Sundbakken (tangentar) og Kåre Frydenlund (gitar). Greier den berømte konsertmeldaren å gi ei vurdering av eigne prestasjonar?

 Eg må nesten seia full pott. Det var kjempefin lyd og Marit er ein fantastisk vokalist, konstaterer han.

 

-Som ei kule

Kulturinteressa vakna tidleg, sjølv om det var noko vaklande som utøvar.

-Korps var ikkje noko for meg og eg var for blyg til å gå på rockeverkstad, fortel kulturguruen som likevel har funne ein plass bak trommesettet, dels ved eigen innsats, dels gjennom band, no alliansen med Vestheim og co.

 Bandet har saman spelt i 6-7 år, om enn ikkje så ofte. Dermed har Hermanrud fått sjå kulturlivet gjennom fleire linser. Kan han plassere Trollrock på det kulturelle innlandskartet?

-Det er ein festival med kjende norske band og det funkar som ei kule. Så er det bra at det er ei mindre sene for lokale utøvarar også. Folk er flinke til å gå mellom scenene og vera nysgjerrige. Det er heilmaks dette, konkluderer han.

 

 

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

5 − 3 =