Podkast: – Odd Nordstoga blir ikkje kvitt lidinga si.

Podkast: – Odd Nordstoga blir ikkje kvitt lidinga si.

Ein varm podkastprat med Odd Nordstoga, og fotoserie frå Trollrock (lenke nederst i artikkelen her).

Ei stor takk til Hageland Gjennestad, Byggtorget Fosheim Sag, #Valdrestømmer og Nerstad Tuft Transport AS for verdifull annonsestøtte til denne podkasten. Det er takka vere slike samarbeidspartnarar at Langsvegen.no kan halde fram med å formidle historier om menneske, kultur og opplevingar. Har du høve, oppmodar vi deg gjerne til å støtte dei som støttar lokal journalistikk.

Kva får du når du blandar Trollrock, Odd Nordstoga, nynorsk, dialektar, ein splitter ny song om ved – og ein mann som heilt tydeleg har eit litt for godt auge til vindfall? Då får du ein podkast med mykje latter, varme og musikkglede.

Etter konserten vart det ein uhøgtideleg prat der Odd byr rauseleg på seg sjølv. Han fortel om gleda ved å spele for publikum, kvifor nynorsk og dialektar betyr så mykje for han, korleis ein vedkubbe kan bli til ein song – og ikkje minst om den vesle «vedsjuka» som ser ut til å vere heilt umogleg å bli kvitt.

Prognosen? Ho er ikkje spesielt oppløftande. Tilbakefalla kjem med jamne mellomrom, og risikoen aukar kraftig kvar gong det ligg eit freistande vindfall langs vegen. Det er rett og slett ein diagnose som får både programleiar og lyttarar til å trekkje på smilebandet.

Systrene Ingeborg og Margit Onstad, songarar og langeleikmusikarar frå Volbu, storkosa seg heilt fremst ved scenekanten under konserten til Odd Nordstoga. Etterpå fekk dei helse på sitt store musikalske førebilete, og den lune praten med Odd vart eitt av dei store høgdepunkta under festivalhelga.

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

3 × five =