Kva har kol, jord, klima og frodige tomatplanter til felles? Meir enn du kanskje trur.
Jorda er noko av det viktigaste vi har. Ho gir oss maten vi et, bind karbon og er sjølve grunnlaget for livet rundt oss. Dei fleste ønskjer å overlate jorda til neste generasjon i minst like god stand som då vi tok over – og aller helst litt betre.
Det er nettopp dette som driv God Jord AS på Leira i Valdres. Med smittande engasjement fortel Olav Amund Lie (biletet over) ,øp¨mkkorleis biokull kan gi levande matjord, sterkare plantar og betre avlingar, samstundes som det kan bidra til karbonlagring og eit meir berekraftig landbruk.
I denne episoden av podkasten Langs Vegen No møter redaktør Roy Myrland Olav Amund Lie til ein varm og lærerik prat. Opptaket er gjort i podkaststudioet i GG13-bygget i Fagernes – eit moderne studio der Langs Vegen No produserer podkastar med spennande gjester frå Valdres og resten av landet.
I podkasten får du mellom anna høyre om:
- Kvifor god jord er noko av det viktigaste vi kan ta vare på
- Kven Olav Amund Lie er – og kvifor han brenn for levande jord
- Kva biokull eigentleg er, og korleis det blir produsert
- Korleis biokull kan gi friskare jord, sterkare plantar og betre avlingar
- Kvifor karbonlagring i jord kan vere viktig for klimaet
- Praktiske råd til bønder, hageeigarar og alle som ønskjer betre jord
- Kvifor vi bør gi jorda vidare til neste generasjon i endå betre stand enn vi tok over henne
Ei stor takk til Gjennestad Hagesenter, Bakke Maskinservice på Heggenes, Valdresbakst og Fjellvang Transport i Rogne for verdifull annonsestøtte. De gjer det mogleg for Langsveien.no å produsere podkastar og løfte fram menneske, kunnskap, næringsliv og gode historier frå Valdres. Støtt gjerne dei som støttar lokal journalistikk.

