– No hastar det å satse om Vang skal sikre arbeidsplassar og bedrifter.

Arve Wangensten meiner gondolprosjektet på Tyin kan bli eit av dei viktigaste framtidsprosjekta for Vang kommune.

Planane om ei gondol frå Tyinkrysset til Skørsnøse i Vang i Valdres fekk ikkje den draumestarten initiativtakarane hadde håpa på då kommunestyret behandla spørsmålet om støtte i vår. Kampen er likevel langt frå over. Arve Wangensten (biletet over) og fleire av dei fremste verdiskaparane i Vang meiner gondolen kan bli eitt av dei viktigaste framtidsprosjekta for kommunen – ikkje først og fremst for turistane si skuld, men for å sikre arbeidsplassar, busetnad og ny optimisme i fjellbygda.

Ei stor takk til Meny Søndersrød, JVB – Jotunheimen og Valdresruten Bilselskap, Møbelringen Fagernes og Fossen Camping for verdifull annonsestøtte til denne artikkelen. De gjer det mogleg for Langsveien.no å løfte fram menneske, næringsliv og gode opplevingar frå Valdres og elles i landet. Støtt gjerne dei som støttar lokal journalistikk.

Arve Wangensten i Vang har vore ute både ei og to vinternetter før. Gjennom mange år bak rattet i bergingsbilen til Vang Autoservice har han hjelpt folk og verdiar trygt gjennom uvêr på Filefjell. No står han i ein heilt annan kamp – ein kamp han meiner handlar om framtida til bygda.

– Dette handlar ikkje først og fremst om ein gondol. Det handlar om arbeidsplassar, busetnad og om Vang skal vere eit livskraftig lokalsamfunn også om ti og tjue år, seier han.

Arve Wangensten meiner gondolprosjektet på Tyin kan bli eit av dei viktigaste framtidsprosjekta for Vang kommune. GONDOL

I fleire år har Vang kommune brukt store summar på å leggje til rette for næringsutvikling, tilflytting og nye arbeidsplassar. Samstundes har det private næringslivet investert millionar av eigne kroner i hotell, aktivitetstilbod, handel og reiseliv.

No meiner Wangensten at situasjonen er blitt alvorleg.

– Mange bedrifter kjenner verkeleg på presset. Nedgangen i hyttemarknaden har råka store delar av næringslivet, og det handlar ikkje berre om byggjebransjen. Ringverknadene treff butikkar, transport, servicebedrifter, handverkarar og reiselivet. Mange arbeidsplassar er avhengige av at det kjem ny aktivitet.

Ei naturleg utvikling

Planane om ei gondol frå Tyinkrysset til Skørsnøse fekk ikkje den starten initiativtakarane hadde håpa på då spørsmålet om kommunal støtte vart behandla i vår. Likevel lever prosjektet vidare.

Arve Wangensten meiner gondolprosjektet på Tyin kan bli eit av dei viktigaste framtidsprosjekta for Vang kommune.– Vi gir oss ikkje. Skal vi skape nye arbeidsplassar, må vi også tørre å tenkje nytt, seier Wangensten.

Han meiner gondolen ikkje er eit naturinngrep for inngrepet si skuld, men ei vidareutvikling av det som i over hundre år har vore sjølve fundamentet for turistnæringa i Vang og Valdres.

– Vi har noko heilt unikt. Frå stølslandskapet og dalføra til høgfjellet og Jotunheimen ligg naturopplevingane tett. Det er dei som har bygd turistnæringa her, og dei må vi utvikle vidare på ein varsam måte.

Verda har endra seg

Wangensten meiner konkurransen om turistane er langt hardare enn før.

– Det held ikkje lenger at eit utdatert interkommunalt selskap brukar 10–12 millionar kroner i året på mellom anna å tegne plakater eller holde liv i gamle strukturer og si «Grepa Gøtt», eller dele ut «Kurv frå Valdres». Folk har enorme valmoglegheiter i dag. Skal vi få fleire til å stoppe, overnatte og leggje att pengar i bygda, må vi tilby opplevingar som skil oss ut. Gondolen kan bli nettopp ei slik oppleving.

Han meiner prosjektet òg kan trekkje cruiseturistar frå Vestlandet opp til Tyin-Filefjell, der dei kan oppleve høgfjell, spektakulær utsikt og – med litt flaks – tamrein i sitt naturlege miljø.

– Den kombinasjonen finn du knapt nokon annan stad.

Politikarane må lytte

Wangensten viser til at det også på Stortinget blir snakka stadig meir om å styrkje dei næringane som har bygd distrikts-Noreg.

– Reiselivet, landbruket og dei lokale bedriftene blir løfta fram som avgjerande for busetnad og verdiskaping. Då håpar eg også dei folkevalde lokalt ser det same. Vi treng ikkje fleire luftslott eller draumar om statlege industrieventyr som kanskje kjem ein gong i framtida. Vi må vidareutvikle dei næringane vi allereie har.

Han meiner gondolen til Skørsnøse er eit slikt prosjekt – ei investering i naturbasert reiseliv som kan sikre både arbeidsplassar og framtidig verdiskaping.

– Det burde ringje ei bjølle når så mange solide næringsaktørar er villige til å satse eigne pengar, eigen tid og eigen arbeidsinnsats. Dei gjer ikkje det for prestisjen si skuld. Dei gjer det fordi dei ser kor alvorleg situasjonen er. Målt opp mot kva som står på spel, burde nokre få kommunale millionar vere ei enkel prioritering.

– Vi må handle no

For Arve Wangensten handlar saka til sjuande og sist om framtida.

– Politikarar og byråkratar gjer ein viktig jobb, men eg håpar dei lyttar til oss som har skoa på kvar dag. Vi kjenner presset, vi ser utviklinga og vi veit kor fort arbeidsplassar kan forsvinne dersom vi ikkje skaper ny aktivitet no.

– Gondolen til Skørsnøse løyser ikkje alle utfordringane, men han kan bli ein viktig motor for vidare utvikling av reiselivet i Vang. Vi ønskjer ikkje å byggje ned naturen – vi ønskjer å gjere den tilgjengeleg for fleire på ein varsam måte. Klarer vi det, kan vi sikre arbeidsplassar, skape ny optimisme og gje ungdom ein grunn til å bli verande eller flytte heim att. Det er alvor nå og det er eigentleg det denne saka handlar om, avsluttar han praten ved bensinpumpa på Vang Autoservice.

Arve Wangensten meiner gondolprosjektet på Tyin kan bli eit av dei viktigaste framtidsprosjekta for Vang kommune.

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

1 kommentar


  1. Arve Wangensten er inne på noe her. Turismen er i ferd med å snu. fleire og fleire vil til Norge. å oppleve fjellheimen med Gondolbane vil trekke mykje turisme. Europa koker over og folk vil til kjøligere land. Regn er eksotisk for noen. men det er få som kjem seg opp på toppen. Å utnytte denne muligheten vil få enorm vekst. Arve er en mann som kjenner kor skoen trykker og som folk burde lytte til. Som Olav Thon sa. For å tjene penger så må en bruke penger. For fremtiden kommer og det ville vere synd om den forsvant for Vang kommune.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

19 − 8 =