Podkast: Professor emiretus Snorre Stuen har to doktorgrader – Flåtten kan drepe fleire lam enn dei store rovdyra.

Podkast: Professor emiretus Snorre Stuen har to doktorgrader - Flåtten kan drepe fleire lam enn dei store rovdyra.

 Det er anslått at flått kan ta livet av fleire lam i Noreg enn bjørn, ulv, gaupe, rev og andre rovdyr til saman.

Podkasten Langs Vegen No er gjort mogleg med støtte frå [Grobakken Landmek], [Valdres Bakst], [Abrahamsen Kjøttforretning i Larvik] og [Sporten Beitostølen].

I denne episoden av Langs Vegen No møter vi professor emieretus Snorre Stuen i Stavanger. Stuen har to doktorgrader innan flåttforsking og har gjennom mange år arbeidd spesielt med flått og utfordringane den vesle blodsugaren kan skape for sauenæringa.

Hovudtemaet i samtalen er flåtten og sauenæringa – eit område Stuen har arbeidd med gjennom mange år. Det blir ein engasjerande prat om forsking, erfaringar og dei store utfordringane ein liten flått kan føre med seg for lamma på beite. Undervegs blir det også litt usemje mellom professoren og programleiaren.

I seinare tid har Stuen også byrja å sjå nærare på maur og eventuelle likskapar eller samanhengar med flåtten. Dette er førebels berre noko han undersøker, og han har enno ikkje trekt nokon konklusjonar.

Programleiar og redaktør Roy Myrland møter Stuen til ein open og direkte samtale om flåtten – ein liten blodsugar som kan ha store konsekvensar for sauenæringa.

Podkasten Langs Vegen No er gjort mogleg med støtte frå [Grobakken Landmek], [Valdres Bakst], [Abrahamsen Kjøttforretning i Larvik] og [Sporten Beitostølen].

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

2 × 5 =